Klare for første kamp

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Førstkommande torsdag stiller A-trenar Jo Solberg med årets første kamptropp på Furubakken-graset. Motstandar er Orion, som også denne sesongen spelar i den andre 4. divisjonsavdelinga...

Motstandar Orion karra seg til fornya 4. divisjonskontrakt medeit naudskrik hausten 2007, etter 2-2 og poengdeling mot Joen og hansmenn i serieavslutninga på Krohnsminde. Året etter spelte dei i denandre avdelinga, og plasserte seg trygt og godt midt på 4.divisjonstabellen. Heller ikkje denne sesongen er dei i same avdelingsom VHFK, men kjem til Furubakken vinterstid for å måla krefter med deisvarte og kvite.

Torsdag kl. 19.00 startar altså treningskamp-sesongen for Joenog spelarane hans. Dei mest ihuga supporterane får dermed ein førstepeikepinn på korleis det ligg an med forma til VHFK-spelarane. Itillegg vert det nok spennande å sjå korleis nykommarane klarer seg ikamp.