Klart for 20. serierunde

Toppkamp på Furubakken mellom VHFK og Loddefjord.<br /> Osterøy møter Årstad i bunnkrig på Hatland.<br /> Øygard klar for opprykksfest.<br /> Tør du satsa?

Valestrand Hjellvik - Loddefjord 3. oktober kl 1500   Odds: H-1,62  U-5,50  B-2,80

På laurdag kl. 1500 brakar det laus på Furubakken. Motstandar er Loddefjord som ligg på plassen bak VHFK på tabellen. Dette betyr vinn eller forsvinn for bylaget som med tap kan sjå langt etter opprykk i år. Dette er fjerde gongen Loddefjord kjem på besøk til Furubakken for 4. divisjonsspel. I 2002 vann VHFK 3-2 i ein jevn og spennande kamp. To år seinare vart VHFK knust heile 6-1 på furubakken-grusen. I 2005-sesongen var det klart for ny trepoengar for VHFK då dei vann 2-0. Loddefjord vann serien same året, men tapte begge oppgjera mot VHFK som havna på den sure tredjeplassen. Det er venta godt med publikum til dette oppgjeret. Formann i klubben Ove Håland har lova gratis is eller kaffi til dei som stiller i drakt eller anna supportarutstyr. Det er klart for toppkamp på Furubakken. Ta med sitteunderlag og finn fram skjerf og hue. Laget treng din støtte i årets til no viktigaste kamp på Furubakken... 

 

Osterøy - Årstad 3. oktober kl. 1500  Odds: H - 1,80  U - 5,25  B - 2,45

På Hatland er det klart for bunnkrig når bunnlaget Osterøy tar imot Årstad. Her har Osterøy ein unik sjanse til å få kontakt med alle dei andre laga i bunnkampen. Rosendal, Bremnes og Laksevåg har alle vanskelige kampar denne helga og vil mest sansynleg stå igjen med null poeng. Dermed kan OIL med seier gå heilt opp i ryggen på dei og skapa neglebiting og frustrasjon fleire stader rundt i Hordaland. Årstad kan med seier ta eit byks ut av bunnkampen og vil mest sansynleg berga plassen i divisjonen. Det vert dramatisk på Hatland denne laurdagen....

 

Bremnes - Øygard 3. oktober kl. 1500  Odds: H - 3,75  U - 7,00  B - 1,35

På Sotra planlegg dei opprykksfest. Laget treng i praksis eit poeng for å vera 100 % sikker på opprykk, sjølv om vi har utropt Øygard som vinnarar i lang tid allereide. I dei to siste kampane har laget kun tatt 1 poeng. Dette er uvant kost for eit lag som før det vann 16 kampar på rad.

No skal laget til Bremnes for å sikra opprykket. Bremnes ligg og kjempar i bunnen og har dei siste kampane vore svært uheldige. Både mot Ny Krohnborg og Rosendal hadde laget tre poeng i lomma, men satt igjen med null og niks etter at laget slapp inn to mål i sluttminutta i begge kampane. No blinkar varsellampene for Bremnes som er faretruande nær bunnen på tabellen. Skal dei finna tilbake til dei gode resultata dei hadde tidlegare på heimebane eller blir det eit nytt tap og eit steg nermare 5. divisjon?

 

Ny Krohnborg - Rosendal 3. oktober kl 1300  Odds: H-1,30  U- 7,00  B-4.20

Ny Krohnborg har forsatt eit ørlite håp om opprykk, men det skal mykje til for at det skal gå. No møter bylaget eit Rosendal-lag i poengnød. Laget frå baronibygda ligg nest sist på tabellen og må helst ha alle poenga i denne kampen. Dei har vist framgang i høst og vil nok bita godt i frå seg mot Ny krohnborg. Rosendal hadde ein katastrofal start på sesongen med ni tap på rad. No har dei fått det på stell på heimebane der dei har vunne 4 av dei 6 siste kampane. På bortebane er det endå heilsvart. Laget har ikkje klart å få med seg eit einaste poeng på fremmed gras. Derfor er Ny Krohnborg skyhøge favorittar i denne kampen...

 

Os 2 - Laksevåg 4. oktober kl. 1800

Får Osingane revansj? Os 2 tapte heile 5-1 mot Laksevåg i vår. No er det nok tid for revansje for opprykksjagande Os-spelarar. Laget ligg på andreplass på tabellen og vil nok gjera sitt beste for å forsatt ha eit forsprang til VHFK før dei brakar saman i neste serierunde.

Kan Laksevåg gjenta bedriften frå i vår? Om ein ser på tabellen ser det ikkje slek ut, men laget viste i forrige runde gode takter mot Valestrand Hjellvik. Etter å ha fått mange unødvendige mål i mot viste laget ryggrad og gav aldri opp, og kunne med litt meir tur faktisk fått med seg poeng i den kampen. Os 2 har favorittstempelet på seg i denne kampen, men dei skal ikkje føla seg for trygge mot hardtkjempande Laksevågingar...

 

Trott - NHH 3. oktober kl. 1500  Odds: H - 1,70  U - 5,35   B - 2,65

To lag som ikkje har noko å spele for. Begge laga har havna i ingenmannsland midt på tabellen. Dette er nok litt skuffande for Trott som før sesongen hadde opprykksambisjonar.

I fjor var det nære på for laget frå Stord. Då glapp opprykket i siste serierunde.

NHH er nok alt i alt fornøyd med debutsesongen sin i 4. divisjon. I rekordfart har laget rykka oppover i divisjonssystemet og hadde som mål før sesongen og havna midt på treet. Der er dei og der blir dei i alle fall denne seongen....

 

Har du småpengar til overs kan det vera ein ide og satsa litt på nordicbet denne helga. Dei gir gode odds på uavgjorte kampar. Tør du satsa på at Rosendal stjel poeng frå Ny Krohnborg kombinert med uavgjort i toppkampen på Furubakken og bunnkampen på Hatland får du 202 gongar innsatsen igjen!!! Satsar du ein tiar kan du fort sitta igjen med eit par tusen.  Har du ein femtilapp og avsjå kan den bli til 10000.- skattefrie kroner hvis trippelen går inn.

 

Her finn du oddstipping hjå Nordicbet.com