Klart for storkamp

På søndag kl. 1600 er det klart for storkamp på Furubakken mellom Valestrand Hjellvik og Os 2. Vinnaren av kampen vil sannsynlegvis spela 3. divisjonsfotball neste sesong. Taparen må kanskje belaga seg på nok ein sesong i 4. divisjon...

Os 2 ligg eitt poeng framfor VHFK på tabellen, og er nok fornøyde med uavgjort i søndagens kamp. For Joens menn er kun seier godt nok. Eit uavgjort-resultat vil ikkje senda VHFK ut av opprykkskampen, men då er dei avhengige av at Loddefjord stel poeng frå osingane i siste runde, samtidig som Osterøy vert slått på Hatland.

Valestrand Hjellvik kan faktisk ta andreplassen på tabellen med uavgjort i begge dei siste kampane. I så fall må Os 2 tape for Loddefjord i sin siste kamp. Då vil begge laga havna på 47 poeng og VHFK vinn på målforskjel.

 

Magnus Oppheim er dessverre ikkje med i troppen til Jo Solberg når laga entrar Furubakken søndag. Han har vore ein svært viktig spelar i høstsesongen, og har scora omtrent i kvar kamp. Heile 8 scoringar på 9 kampar  har det blitt på den raske og hardtkjempande spissen. Dermed er han Valestrand Hjellvik sin mestscorande i haust. Kven som tar Magnus Oppheim sin plass i startoppstillinga, er usikkert. Øyvind Tysse har skadetrøbbel og klarer nok ikkje ein heil kamp, medan Jonas Hauge heller ikkje er hundre prosent kampklar etter ein operasjon. Likevel kan ein av dei bli å sjå i startoppstillinga til VHFK på søndag. Dersom ikkje trenar Jo "Conan" Solberg har eit hemmeleg trumfkort i ermet då....

 

Gratis is i bua og badnafakte på bunkersen

Ove Håland seier i ein kommentar til vhfk.no at det vert gratis is i bua denne helga og. Det er berre å stilla på Furubakken i VHFK-drakt eller anna supporterutstyr, så vankar det gratis is så lenge det er meir att.

Det er viktig at folk møter opp og støttar heimelaget i den hittil viktigaste kampen i klubben si historie. Det står om opprykk til 3. divisjon, og det bør ikkje vera eit ledig sete på tribuna denne søndagsettermiddagen. Vi håpar og trur at vi kan få like mykje folk på denne kampen som vi tidlegare har hatt i lokaloppgjera mot Osterøy. Sist helg laga dei frammøtte supporterane på bunkersen eit himla liv med song og skrål, jenka og badnafakte. Kan dei overgå dette?

Trenar Jo Solberg gav bunkersen karakter 10 på børsen sist. Kva gjer han på søndag dersom Black & White Army overgår seg sjølv. Utvidar han skalaen til 12?

Møt opp og lag eit himla liv på Furubakken!

La oss visa osingane kor skapet skal stå!