Korleis kjem da te å gå i år Jo?

Da e ikkje lenge te seriestart no, og da vert spennande å sjå kor godt heltane i svart og kvitt kan bita i frå seg i år! Og vert da folk på bunkersen? Kjem nokken til å trakka på ropert'n te Øystese supportarane? Og ikkje minst, får me sjå dei påskebrune musklane te Joen allereie no på fredag?

Va nett inne på vhfk.no og fann blant anna følgande overskrifter no rett før seriestart:

Seks i snitt for VHFK, A-laget knuste Solängens BK, A-laget vann i Danmark, Målorgie mot Bergen Nord, A-laget henta heim pokalen, Osterøyspelar klar for VHFK, VHFK best på Osterøy, Full pott for VHFK, Spelte med tre keeperar, Nye ansikt på A-laget, Dusinet fullt for VHFK, Tre raske for Jonas….

 

Kan jo ikkje anna enn å seia at detta ser heise lovande ut. Målorgie, dusinet fullt, henta heim pokalen, best på Osterøy. Jaja, den siste dar e vel ingen grunn te å ropa so felt hurra for. Sku no berre mangla!

 

Men ette eg skreiv detta so har følgande overskrift vorte lagt ut: Tap i generalprøven mot Øystese.

Og da va vel ikkje so heise mykje å ropa hurra for ette denne kampen heller, berre få dagar før seriepremiera. Da va mykje løye å sjå Furubakken i dag. Laget virka tafatt! Syns faktisk at til og med Joen virka litt slapp i dag. Håpa at da bedra seg fram mot kampen mot Trott på fredag. Ein busstur med supportarane sku vel hjelpa på, med mindre da vert gjort nytt forsøk på å setta verdsrekord i ”Gubben og gamla” på vegen til kampen…

 

Eg e kanskje endå meir skuffa når da gjeldt oss på bunkersen. Me va om mulig endå meir tafatt enn A-laget. Men me va jo prega av sjokk og vantro allereie før kampen starta. Da e altså fleire lag i dei lågare divisjonane i Norge so har supportarklubb. Og at dei stille med intet mindre enn 17 supportara i ein treningskamp. Bortekamp. Forholdsvis långt-bortekamp og! Imponerande. Og imponerande bass stemma på ho eina med lyst hår. Men dar stoppa alt so va imponerande. Ropert med musikk, corner i mål… Say no more!  Lykke til Oystese, eller va da Øystese. Vert litt forvirra tå detta dar. Men uansett. God bedring til supporterklubben deka. Da kan forhåpentligvis berre gå ein vei, oppøve!

Og all æra te den yngre garde borte på tribunå so skjønte at me va i sjokk, og tok tak og kjørte nokken feiande flotte songa. Herligt! 

Og grett, detta va ein treningskamp, so eg håpa at me vert fleire på bunkersen når alvoret tar til. For me må no hjelpa heltane til ein god sesong. Men vert da opprykk? Eg trur ikkjeme greia da i år heller. Me har eit godt lag, med veldig mange gode spelara, men med to-tre spelara eller fleire ute med skade, so kan da fort verta tøft. Eg tru faktisk da vert ein 3 plass i år.  So får me sjå om A-laget greia å motbevisa mine spådomar. Vert da opprykk, so skal eg iallfall gå i frå eikje inne på Bernes og heilt til ein eventuell opprykksfest, i dress. Og eg ska gjera da uten å ta ingeniør lønn for da sånn so enkelte andre gjer…

 

Men uansett! Eg ser fram til fredag. Skal verta godt å komma i gong att. Fara øve dei, fara på!