Kvernbit - VHFK 2-4 (1-2)

Endeleg seier i igjen, Kvernbit vart slått 4-2 på Frekhaug.

Endeleg fekk me ein kjærkomen seier igjen. Me fekk 1-0 i mot tidleg, men jentene reiste seg og gjekk til pause med 2-1. Fyrste målet kom med med Thea på frispark etter tilbakespel til keeper. Kjersti la så på til 2-1 på blanding av eit skot og innlegg.

 

Etter pause byrja me bra med godt trykk på Kvernbit. Eit kanonskot i frå Kjersti gjekk smalt i tverrliggar og ned på streken (eller innanfor), men heldigvis kom Hanne B.L. og fekk krangla den i mål. Så hadde me full kontroll på kampen inntil Kvernbit skåra på eit fint langskot, og etter det kom dei skikkeleg inn i kampen igjen. Samtidig byrja me å bli trøytte. Heldigvis redda Elin godt ved eit par høve. Så fekk me atter eit frispark etter tilbakespel. Denne gongen skaut Kjersti og på veg mot mål var den innom Ingvild - og dermed 4-2 til oss. Dette sto kampen ut.

 

Dette var eit steg framover igjen, og alle jentene kjempa hardt til siste slutt. Me får framover trena meir på det å vinna duellane samt å få til eige spel med fleire trekk etter kvarandre.