Lak tå spenning!

Badnafakte, gaukaskap, pillara, morfin og Haukeland….<br /> <br /> Sesongen 2009 tok knekken på meg. Da vart jo ein haust dar spenningsnivået va litt høgare enn ka ein har godt av. Ette første kampen mellom Gladlaksane og Osjævlane so va da stopp for min del. Sia da har eg vore sjukemeld, og hatt feria både på Costa del Haraldsplass og Sharm El Haukeland. <br />

No har eg omsider fått reisa heim. E no litt vemodig og... Har jo fått

mange nye kompisa! Han attmed meg so gjekk med pikkande små skritt, og då berre 4 om gongen før han snudde seg og smilte fint te meg og prøvde å starta ein samtale. Ein samtale som stort sett starta med; Åhh, eg har so grueli dårli balanse.. Då oppdaga ein at han va so fin i målet at ein skulle tru han va på prøve på teateret te rollå som den minste bukkene Bruse.

Og so han attmed han att. Ein kar frå Erdal som; huskar godt når vi tok færgen over til Lonevågen og spilte kamp mot di derre Osterøy. Men no har eg fått svikt i ene foten, men fikk en stikkpillar i reven, så no går det bra. Kordan går det  forresten  med han derre Mons Ivar Mjelde, har vel kjøpt store eiendommer der ute han no. Tjente jo gode penger han, ja, men han va jo god ja, ja, ja… Kor va det du kom i fra? Osterøy ja, eg huskar godt når vi tok færgen…..

Eller han so vart so full i luft tå alle desse pillarane og sleppte ut smygara i tie og utie. Eller da kan vel strengt tatt ikkje kallast smygara. Brakara vil eg kalla da. Rett skal vera rett, for han va da nok ein smygar då han va ganske so tunghørt. Og da so va løye, uansett kor høgt pleiarane snakkte so hørte han aldri ka dei sa før dei sa da oppatt andre gongen.

 

Den sista vekå har eg no innimellom pillara og gode romkameratsamtala fått med meg at da har skjedd  litt med tanke på spelarstallen te Valestrand/Hjellvik.

Først var det Kristoffer som vendte heim. Ei vanvittig viktig signering for klubben. Skal bli knallgøy å heia på Booggien att!

So va da Monsemann. Han so gjorde ein iherdig innsats i kampen mellom VHFK og VHSK, då som supportar. Eit par tima seinare stod han i huset og kyssa VHFK skjerfet. Ein strålande kar som kan bli ein hit på Furubakken i åra framover.

So har Joen begynt å huka tak i slektningane. Joachim Borge Solberg. Da eg har sett tå han e ikkje mykje, men meir enn nok te å veta at han kan tilføra laget mykje.

Sistemann e ein rogalending,  Morten Frøland. At han va med å førte Vidar opp i 2 divisjon sei vel sitt…

Kjenne eg Joen rett so kan da verta meir. Rekna og med at Joen skriv ei ti års kontrakt i løpet av kort tid.

Og eg har no endå god tid på å kråna meg te att til sesongstart.

Og so håpa eg at alle e med te neste år.  For som eg har sagt før:

 

2009 va berre vorspielet, 2010 vert festen!

 

No e da tikka inn meldinga om at toppscorarn og nr 9  e klar for ein ny sesong. Utrulig, utrulig, utrulig viktig. Dermed ser da jo ut te at niarn kan få med seg festen denne gongen...

Men eg e egentlig ganske enig i kommentaren has; Når Joen syng e festen slutt!

Så eg håpa Joen konsentrera seg om musklane og at festen berre vare i da uendeliga!!!

 

Vyrdsamt

Kaneln