Lokaloppgjer på Hatland

På søndag kl. 1600 går startskuddet for årets lokaloppgjer på Hatland mellom Osterøy og Valestrand Hjellvik. Det er venta mykje folk til kampen som kan gi VHFK eit historisk opprykk til 3. divisjon. Skal vi tru på statistikken blir det ein jevn kamp på søndag...

Dette er femte gongen desse laga møter kvarandre i 4. divisjon på Osterøy si heimebane. Osterøy har ikkje vunne over Valestrand Hjellvik på heimebane sidan 6. mai 2000. Den kampen vann Osterøy 3-1 og rykka opp til 3. divisjon same sesongen. Tre år seinare var dei tilbake i 4. divisjon og lokaloppgjeret på Hatland endte mållaust. I 2004 kom Valestrand Hjellvik sin første seier i Lonevåg. Dei vann 3-0 i ein innhaldsrik kamp. Sesongen etter endte kampen igjen 0-0 og Osterøy måtte ner i 5. divisjon i ein katastrofalt dårleg sesong. Laget havna sist på tabellen med fattige 6 poeng og hadde heile 20 poeng opp til sikker plass på tabellen. Valestrand Hjellvik havna same året på 3. plass med 34 poeng meir enn OIL. I årets sesong er styrkeforskjelen endå større før siste serierunde. Tabellsituasjonen er lik som i 2005 med Osterøy på siste plass og VHFK på 3. plass men det skiljer heile 35 poeng mellom laga. Dermed må Joens menn finna seg i å vera favorittar til å ta historiens andre seier på Hatland i 4. divisjon.

 

Vi har spurt ein del folk om å tippa resultatet i morgendagens kamp. Her er ein del av svara vi fekk i den uhøgtidlige spørjeundersøkelsen.

 

Tipp sluttresultatet :

Osterøy - Valestrand Hjellvik

 

Ove Håland (Formann i VHFK) 2-3

Steinar Vatle (Redaktør Vhfk.no)2-5

Pål Slettebakken (Verkstedseigar i Myrane)2-2

Petter Mikalsen (Glad rosemalar)0-6

Heidi Eikeland (VTV og Prix)0-5

Katrine Hauge (Syngedame) 1-7

Henning K. Rød (Halvskadd A-spelar) 1-3

Rayner Nygård (Skadefri A-spelar) 1-3

Roy Arne Hauge (VHFK & Brann supportar) 1-5

 

Som vi ser trur dei alle fleste på seier til VHFK i sesongens siste kamp. Det blir uhyre spennande på Hatland denne søndagen og vi håpar at så mange som mulig tar turen for å gjenskapa stemningen som har vore på Furubakken dei siste kampane.

Vhfk.no sender livedekning av kampen og heldt deg oppdatert med alle scoringar frå kampen mellom Os 2 og Loddefjord.

 

Det står om eit historisk opprykk til 3. divisjon for Valestrand Hjellvik. Møt opp på den nye kunstgrasbana på Hatland for å hjelpa laget til å klara dette.

Finn fram supportarutstyr og vis kva lag du støttar.