Må ha da kjekt, men gøy og!

Eg like å skriva, har alltid likt da! So då Bygdalappen søkte etter sportsjournalist i juni, ja då søkte eg. Tenkte at da kunne vore kjekt å få reisa rundtom å følga lokalsporten og få skriva om da i tillegg. Da va berre eit problem.

Store dela tå lokalsporten består jo av fotball. Noko eg er veldig interessert i. Ein av fotballaga bygdalappen skriv ein del om er Valestrand/Hjellvik. Dei er eg ganske interessert i…

Eit anna lag BN skriv om er Osterøy IL. Dei er eg ikkje so interessert i!

For meg va da egentlig ikkje eit problem då eg føle meg heilt sikker på at eg ikkje har noko som helst problem å vera objektiv overfor begge laga. Eg tru vel heller at ein del av BN sine lesara hadde hatt eit problem med at eg skulle dekka kampane til desse to laga.

Men eg ville prøva! BN ville at eg skulle gå på ein kamp og skrive ein sak. Den kampen som passa bra då var mandagens kamp mellom Vhfk og Trott. Ein slags test for å sjå kva eg er god for, eller ikkje….

Eg lånte meg eit kamera, og tok med meg notisblokk. Må sei det var ei meget spesiell oppleving å stå bak eine målet og gløtta opp på bunkersen der eg har stått og fulgt kampane dei sju siste åra.

Kampen gjekk sin gang, men det var vanskelig å få med seg kva som egentlig skjedde frå denne vinkelen. Spesielt då Keiko traska forbi med badnavogn heila tie forsvann mykje tå utsikten.

E da nokken so har sett om han har ein unge oppi den vogne? Eg har ein anelse om at detta berre e ei vogn so han har ståande oppe hjå Vardalsfinten og so vert tatt i bruk kver gong da e kamp. Då kan han ta runde på runde og komma med sleiveta kommentara til bortelagets spelara og ikkje minst gjengen på benken og på den måten bidra i da stille til å skapa frustrasjon hjå gjestane som vitjar Furubakken.

 

Vhfk score ved Trygve Nilsen, Øyvind Tysse jubla vilt i mot meg inne i frå målet, og eg prøve å få tatt eit bilete av det, men det går sjølvsagt skeis! BN karen som dekker kampen spør om eg fekk tatt bilete, men nei, kanskje eg har med litt av låret hans om eg e heldig. Totalt handlingslamma fordi eg prøve å ta eit bilete i eit øyeblikk eg normalt sett ville storma banå og skreke og skjemt meg ut!

Lite synging frå bunkersen. Ikkje mykje imponerande av gutane på banå heller. Trott kjøre kampen. Dei får eit fortjent mål. 1-1. Pause. Vhfk kan takka trevirket og Nr1: Robert Eikeland for at bortelaget ikkje er i leiinga.

Paraplyar byrjar å verta slått opp på tribuna..

I og med at eg ikkje får tatt bilete med det kameraet eg har i regnvær, så bestemmer eg meg for å sjå resten av kampen frå ein litt betre vinkel. Kor er det best å stå? Bunkersen må vel kunne seiast å vera den beste staden å sjå kamp frå på Furubakken. Ja, eg går opp dar!

Då kan eg jo i tillegg hjelpa til med litt synging og kanskje heia litt. Korleis heia ein heilt objektivt?

Me startar andre omgang med noko meir synging frå bunkersen. Også laget har tatt seg saman no og har fleire store sjansar. Så er dei uheldige å lagar sjølvmål. Men ikkje lenge etterpå er Nilsen frampå igjen. 2-2. Usikker på om det er objektiv heiing frå mi side no.

Så kjem ein susar frå Øyvind Tysse. Skudd frå ca 42,7 meter. Rett i krysset. 3-2.  No er det gøy på Furubakken. Objektiv heiing utgår.

 

Trott svarar kjapt. 3-3. Ikkje so gøy no.

 

Magnus Oppheim som debuterer i dag sett inn 4-3 for Vhfk. No tar det heilt av på bunkersen!! Samtidig er det ein nervøs stemning. Skal me greia dette? Eg går ner på bana for å prøva å få tatt nokre bilete no når kampen nærmar seg slutten, og regnet har fordufta. Endelig bles dommaren av kampen. Vhfk vinn 4-3 mot eit Trott lag som totalt sett var noko betre enn heimelaget.  

Eg hiv meg på BN journalisten når han tar intervju runden. Noterer med ei skrift som legestanden ville vore stolt av. Men etterkvart går det meir og meir opp for meg. Eg elske å skriva, men ikkje sånn som dette. Eg tru rett og slett ikkje at eg har journalisten i meg. Eller, eg tru rett og slett ikkje at eg har sportsjournalisten i meg.

Dessuten syns eg det er heilt fantastisk å stå oppe på bunkersen å synga, preika skit og rett og slett ha ein nesten 2 tima lang psykologi time. Eller reisa på bortetura og skjebma seg ut. Mykje betre enn å sitja bak eit mål og venta på eit blinkskot…

Etter kampen snakka eg med Kalle Fiskå. Han knakk nokre ribbein i kampen mot Osterøy, og fekk ein ny smell mot Trott på samme plass og måtte byttast ut. Eg spurte om det var lenge til han var klar igjen. –Nei, det e no trening på onsdag….

No e Kalle i ein klasse for seg på det området, men hvis resten av laget har i nærheten av den innstillinga, ja då tru eg jaggu meg at detta kan bli opprykk.

Og denne høstsesongen ser eg virkelig fram i mot. Som supportar, ikkje journalist…

Valstrann te eg dør!

 

Vyrdsamt

mcArno the Kanel.