Målkalas for A-laget

KROHNSMINDE, BERGEN: Joen og hans menn var dødeleg effektive, og avliva Krohnsmindespøkelset med storsiger mot Ny-Krohnborg i dag. Valestrand Hjellvik scora fire før pause og avgjorde kampen i første omgang. Full pott etter tre kampar ser svært bra ut for dei svarte og kvite...



<<WEB-TV: Sjå høydepunkter og intervju frå kampen


KAMPFAKTA 4. divisjon Krohnsminde

Ny-Krohnborg - VHFK  1-6 (0-4)

0-1 Øyvind Thomassen (9)
0-2 Øyvind Thomassen (str. 16)
0-3 Trygve Nilsen (27)
0-4 Pål Kjetil Tufta (39)
0-5 Rayner Nygård (63)
0-6 Henning Klovning Rød (86)
1-6 (90)


Ny-Krohnborg hadde sjansar til å scora både eitt og to mål i starten av kampen, men grønntrøyene var ineffektive framfor buret til Robert Eikeland. Etter ni minuttar låg den første ballen i målet til heimelaget, signert Øyvind Thomassen. Han stod også bak den neste scoringa som kom på straffespark, etter at Trygve Nilsen vart lagt i bakken av Ny-Krohnborg-keeperen.

Trygve Nilsen ordna sjølv 0-3 etter eit av Are Bryhn sine superhjørnespark. Nilsen heada inn ballen frå kort hald. Pål Tufta la på til 0-4, som vart pauseresultatet. Gjestane frå Valestrand var dødeleg effektive på Krohnsminde i dag, og heimelaget fekk ikkje fred frå aggressive VHFK-spelarar.

Etter pause virka det som om VHFK roa ned litt, men jubelen steig på tribuna då Rayner Nygård banka inn gjestane sitt femte mål. Fire minuttar før full tid teikna også Henning Klovning Rød seg på scoringslista, og gav heimekeeperen øyresus med ein ball som small i tverrleggjaren og i nettet. Med halvdusinet fullt i kofferten såg det svært så bra ut for gjestane. To minuttar på overtid fekk Ny-Krohnborg sitt fortente trøstemål, med ein fin lobb over Robert Eikeland. Dermed enda det med 6-1 nok ein gong for Joen og hans menn.