Målorgie mot Bergen Nord

A-laget til Valestrand Hjellvik overkjørte tredjedivisjonslaget Bergen Nord i første omgang, og banka inn fem mål før pause. Rayner Nygård (bildet) spelte ein solid kamp, og vart saman med tremålsscorar Trygve Nilsen trekt fram som banens beste av trenar Jo Solberg...<br />

Bergen Nord stilte til kamp fulle av sjølvtillit etter å ha banka divisjonskollega Tertnes heile 9-5 i forrige kamp. I kampen mot Joen sine menn vart det sterkare motstand, og tredjedivisjonslaget frå Salhus-området kom fort ned att på landjorda etter kvart som baklengsmålene hagla inn.

Trenar Jo Solberg var godt fornøyd med laget sitt etter kampen, sjølv om dei slapp inn tre mål etter pause.
-Vi møtte eit godt Bergen Nord-lag, som scora ni mål i forrige kamp. Dei fekk rett og slett problemer med våre raske angrepsspelarar, kommenterer Joen, som ellers synest alle spelarane gjorde ein god innsats i Salhus. Han trekkjer likevel fram Rayner Nygård og Trygve Nilsen som banens beste.

Rayner Nygård var også fornøyd med seier mot Bergen Nord. -Fullt fortjent seier til oss i denne kampen. Bergen Nord ble regelrett rundspilt før pause, men i andre omgang slapp vi de litt unødvendig inn i kampen igjen. Vi var litt rufsete bakover til tider, men alt i alt en grei kamp fra vår side, sa Rayner i ein kommentar til vhfk.no.

Trygve Nilsen scora tre nye mål for klubben, og ser ut til å ha funne storforma før sesongen brakar laus. Det kan verta gull verd for trenar Solberg å ha ein effektiv goalgetter i sine rekker når det står om seriepoeng om nokre veker.

Onsdag reiser A-laget på treningsleir til Danmark, og skal spela to kampar der nede.

KAMPFAKTA TRENINGSKAMP:

Bergen Nord - VHFK 4-6 (1-5)

Salhusbanen

0-1 Trygve Nilsen
1-1
1-2 Øyvind Thomassen (str.)
1-3 Pål Kjetil Tufta
1-4 Øyvind Thomassen (str.)
1-5 Trygve Nilsen
2-5
3-5
3-6 Trygve Nilsen
4-6

VHFK sitt lag:
Robert Eikeland - Kalle Fiskå, Torgeir Rud, Henning Klovning Rød, Ole Morten Tysse - Jonas Hauge, Rayner Nygård, Are Bryhn, Trygve Nilsen - Øyvind Thomassen, Pål Tufta
Innbytterar: Trygve B. Reigstad, Glen Torgersen