Målrikt i 19. serierunde

VHFK i målkalas og scoring frå midtstreken.
Os 2 med knepen borteseier.
Osterøy gjekk på ein kjempesmell.
Øygard sliter i motbakke.
Loddefjord knuste Ny Krohnborg.
Rosendal har starta opphentinga.
Les alt om den 19. runden i 4. divisjon avd. 1.

Valestrand Hjellvik møtte Laksevåg i Lyngbøparken på laurdag. Det skulle vise seg å bli ein kamp med mange mål, og til tider elendig forsvars- og keeperspel. VHFK starta kampen klart best, og i store deler av første omgang var det kun eitt lag på bana. Trygve Nilsen scora bortelaget sine to første, og er no oppe i imponerande 14 nettkjenningar. Då Pål Tufta la på til 3-0 etter ein halvtime i striregnet såg det svært lyst ut for Valestrandslaget.

Like før pause kontra Laksevåg inn si første redusering. Dei tilreisande supporterane var fornøgde med sine gutar sin innsats, og nytta sjansen til ein heftig pausekebab som sette ein og annan caps litt på snei.

Valestrand Hjellvik fortsette å setta sjansene sine i andre omgang sjølv om Pål Tufta si 4-1 scoring ikkje kan reknast som ein skikkeleg sjanse. Keeperen til Laksevåg skal klarere ein ball, men sparkar den rett i Tufta sin utstrekte fot. Ballen går i ein perfekt bue over keeper og i mål. Ei deilig scoring!!!

Midtvegs i omgangen skjedde det mykje på kort tid. Først scorar Magnus Oppheim enkelt etter ein stolperetur. Laksevågspelarane meiner det skal vere offside, og er mildt sagt forbanna over dømminga til både dommar og linjemenn. Dette vil jo TV-bildene vise, sjølv om enkelte har slutta å håpe på at det vert lagt ut fleire bilder frå kampane.

Minuttet etter scoringa til Oppheim kontrar heimelaget inn 2-5, og heimekeeperen står og piskar laget opp på eigen 16-meter når Are Bryhn tek avspark. Han ser at keeperen ikkje er der han skal vera, og sender avgårde ein susar frå krittmerket på midtstreken. Dermed står det 2-6 berre få sekund etter reduseringa.

Heimelaget gjev aldri opp, og VHFK er statistar når Laksevåg scorar to gonger i sluttminuttane. Like etter kjem dei åleine mot keeper Robert Eikeland. Spissen glir forbi og skal berre setta ballen i det tomme målet. Han får ikkje med seg at Vegard Mjelstad har starta langspurten, og på målstreken når han igjen ballen frå den litt nonchalante Laksevågspissen.

I angrepet etterpå driblar Magnus Opheim seg forbi Laksevågforsvaret, og chippar ballen lekkert og småfrekt over heimelaget sin keeper, som sannsynlegvis vil gløyma denne kampen så raskt som mulig. VHFK knuser Laksevåg 7-4 på ein heller dårleg dag.

Os 2 held fram sin seiersmarsj, og vann 3-2 borte mot bunnlaget Årstad i dag. Dermed gjekk Osingane forbi VHFK som fekk eitt døgn på opprykksplassen. Os 2 har vunne alle 8 kampane i haustsesongen, og ligg øvst på formtabellen. Dei er fortsatt avhengig av at førstelaget i 3. divisjon klarer å vinne play-off kampane. Os 1 viser forøvrig svake takter om dagen, då det kun vart uavgjort mot dumpekandidat Djerv. Det går mot ein thrilleravslutning på sesongen.

Osterøy gjekk på en kjempesmell i bortekampen mot studentlaget NHH. Heimelaget gav seg ikkje før det låg 8 ballar i Osterøyburet. Dermed gjekk OIL til bunns på tabellen med et braktap på 8-1. Kim Solberg scora ostringane sitt trøstemål. No skal laget møte Laksevåg og Årstad som også kjempar i motvind. Her er det inga bøn - begge desse kampane må vinnast,  ellers er det klart for 5 divisjonspel neste år.

Øygard, som tapte stort mot Os 2 i forrige runde, skulle reise kjerringa i laurdagens bortekamp mot Trott. Det såg lenge lyst ut for serieleiaren, som leia 3-1 tjue minuttar før slutt. Men målkåte Trottspelarar scora to gonger mot slutten, og nok en gang måtte Øygard utsette opprykksfesten sjølv om berre teori kan frårøve dei den plassen.

Kva skal til for at oppykket til blåtrøyene frå Sotra kan ryke?

Øygard taper sine tre siste kampar med mange mål .

VHFK vinn stort over Loddefjord og Osterøy medan dei spelar uavgjort mot Os 2.

Os 2 vinn sine kampar over Loddefjord og Laksevåg, og spelar uavgjort mot VH.

Det skal litt til, men det kan vere dumt å feire opprykket for tidlig.

Loddefjord har ikkje gjeve opp kampen om opprykk til 3. divisjon. I helgas runde vart Ny- Krohnborg knust heile 4-0. Dermed ligg Loddefjord på plassen bak VHFK, med seks poeng opp. Laget skal møte nettopp VHFK og Os 2 i serieinnspurten, og med seier i dei to kampane samt at dei slår Rosendal, kan det fort verta meir spennande enn vi tåler.

I bunnen av tabellen var det kun Rosendal som klarte å få med seg poeng i denne runden. Dermed klatra laget forbi Osterøy og opp i ryggen på Bremnes og Årstad. Her er ingen ting avgjort, og vi skal vel ikkje avskrive Laksevåg som dumpekandidat riktig endå heller. Dei spelte i alle fall som eit bunnlag  mot VHFK, med klaging og syting på alt som gjekk i mot dei. Dette vert utruleg spennande i serieinnspurten.

25-09 17:45 Rosendal - Bremnes 2 - 1 Kampfakta
26-09 13:00 Norges Handelsh - Osterøy 8 - 1
26-09 15:00 Laksevåg - Valestrand Hjellvik 4 - 7 Kampfakta
26-09 15:00 Trott - Øygard 3 - 3 Kampfakta
26-09 15:00 Loddefjord - Ny-Krohnborg 4 - 0 Kampfakta
27-09 16:00 Årstad - Os 2 2 - 3

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 19 16 1 2 84 34 49
2 Os 2 19 14 1 4 59 32 43
3 Valestrand Hjellvik 19 13 3 3 69 40 42
4 Loddefjord 19 11 3 5 62 37 36
5 Ny-Krohnborg 19 11 3 5 45 37 36
6 Norges Handelsh 19 9 3 7 42 40 30
7 Trott 19 8 4 7 57 43 28
8 Laksevåg 19 5 1 13 41 71 16
9 Årstad 19 4 2 13 28 54 14
10 Bremnes 19 4 2 13 28 55 14
11 Rosendal 19 4 0 15 29 59 12
12 Osterøy 19 3 1 15 32 74 10

Storscorern

19 mål

Roar Olsen Loddefjord

16 mål

Steffen Lie Skålevik Øygard

14 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Morten Hillestad Trott

Stian Stenehjem Loddefjord

13 mål

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

12 mål

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik FK

Burhan Cinar NHH

11 mål

Mads Århus Fjelstad  Øygard

10 mål

Henning Aga Ny Krohnborg

Christian Greve  Øygard

9 mål

Marius Takvam Øygard

Ramo Racic Os 2

Thomas Langeland Osterøy

8 mål

Christer Lund Øygard

Thomas Hansson NHH

Erik Kanestrøm Os 2

Tommy Myksvoll Øygard

Jostein Aga Ny Krohnborg

7 mål

Magnus Opheim Valestrand Hjellvik

Pål Kjetil Tufta Valestrand Hjellvik

Robert Hunt Årstad

Jørgen Størksen Årstad

Øystein Hillestad Trott

Sindre Askeland Trott

Christer Olsen Os 2

Frode Hellesø Laksevåg

Øvrige spelarar Valestrand Hjellvik FK

6 mål

Are Bryhn

5 mål

Jonas Hauge

4 mål

Øyvind Tysse

3 mål

Torgeir Rud

2 mål

Rayner Nygård

Henrik Horsås

Kalle Fiskå

Henning K. Rød

Kristoffer Bognøy

1 mål

Tom Sivertsen

Neste runde med tippetips

03-10-2009 13:00 Ny-Krohnborg - Rosendal HB  Gir Rosendal mitt tips, men tror det blir jevnt.
03-10-2009 15:00 Bremnes - Øygard Bremnes tar en overraskende seier mot serielederen.
03-10-2009 15:00 Osterøy - Årstad Spennende bunnkamp. OIL må vinne og tar alle poengene her.
03-10-2009 15:00 Valestrand Hjellvik - Loddefjord HU  Spennende toppkamp. Her kan alt skje og det står om opprykk for begge lag.
03-10-2009 15:00 Trott - Norges Handelsh Sikker H. Dette tar Trott enkelt selv om NHH vannt stort i helgen.
04-10-2009 16:00 Os 2 - Laksevåg Sikker H. Laksevåg har ingen mulighet mot raske Osinger.