Møter Øystese i generalprøven

Seriestarten nærmar seg med stormskritt, og andre påskedag spelar A-laget mot divisjonskollega Øystese i vårens siste treningskamp. Kampen går på Furubakken og startar kl. 16.00...

Trenar Jo Solberg kan melda om skadefri tropp, men vil ikkje ut med lagoppstillinga. Han har heller ikkje noko påskemoro å melda om laget sitt.

Øystese har gjort det svært godt i sesongoppkjøringa med 5 sigrar, ein uavgjort og eitt tap. Dei slo eit svakt Strandebarm heile 12-0 og i Tyrkia slo dei Senja 2-1. Dermed er det to lag som har god statistikk i sesongoppkjøringa som brakar saman på mandag.
Møt opp på Furubakken mandag kl 16.00.