Ny Solberg klar for VH

Valestrand Hjellvik har i dag sikra seg endå ein Solberg-gutt i sine rekker. I tillegg til sin eksentriske trenar har klubben no sikra seg underskrifta til stortalentet Joachim Borge Solberg som er nevø av trenaren. 19 åringen vart i dag klar for Valestrand Hjellvik. Joachim Solberg har i år spelt på Hovding og tidlegare Osterøy. Han er rekna for å vera eit av dei største talenta i kommunen.

Han har spelt i Hovding sidan hausten 2008 og i årets første seriekamp fekk han sin første nettkjenning for kvittrøyene. No er han klar for Furubakken og Valestrand Hjellvik.

I fjorårets Bergan Bygg cup spelte han for Osterøy og han scora mot sine nye lagkameratar i 2-2 kampen. I kampen mot Eikanger som Osterøy vann 5-0 noterte Solberg seg for to av måla og han vart seinare kåra til turneringens beste spelar.  

 

-Dette er ein kvalitetsspelar med ambisjonar, seier ein svært blid Ove Håland til vhfk.no i kveld. -Han er  nevøen til Joen og det seier vel litt, legg han til.

Håland har dei siste dagane sikra VH tre nye 19-åringar til neste sesong. Kristoffer Bognøy, Mons Arne Gillesdal og Joachim Solberg er alle fødd i 1990.

 

Trenar Jo Solberg er og i kanonhumør for tida. Ikkje så rart når spelarstallen veks med tre unge spelarar på under ei veke. Går alt etter planen kan det bli endå ein forsterkning denne veka, seier han til vhfk.no i dag.

-Joachim Solberg er ein treningsvillig og god spelar, sjølv om han nok aldri vert like god som onkelen sin, seier han vidare. Han vert ei solid forsterkning for oss.

 

Den nye venstrebacken spelte midtbane før han gjekk til Hovding. No er han forsvarsspelar og det er der han kjem til å spela i VHFK. Han er kjend for å ha ein solid kondisjon, og me håpar på fleire gode raid oppover på bana forbi bunkersen neste sesong.

 

-Det ser ut til at VH har eit bra opplegg på gang, seier den unge spelaren til vhfk.no.

Han seier vidare at han ser fram til å få Onkel Jo som trenar att. Då han var guttespelar i Osterøy hadde han Joen som sjef.  -Det var nok det gøyaste året eg har hatt som fotballspelar, seier han vidare og skryt av opplegget til Onkel Conan. Det ser ut til å bli eit kanonlag, legg han til før han må tilbake til militærtjenesta på Håkonsvern. Der skal han vera til neste sommar, men det vert ingen problem med treningstid og kampar for VH kan han forsikra oss...

Då er det berre å få på plass nye songar til unggutane som har signert dei siste dagane.

Me ser fram til å høyra Black & White-koret på bunkersen med nytt repertoar neste sesong...