Ny spelar klar for VHFK

Mons Arne Totland Gillesdal skreiv i dag under ein treårs-kontrakt med Valestrand Hjellvik. Han spelte for Black & White Army i supportarkampen mot A-laget 14. november og imponerte trenar Jo Solberg nok til å få kontrakt med A-laget...

Mons Gillesdal er ein spelar som kan brukast stort sett over heile bana. Helst vil han nok spela på topp, men om Jo Solberg vil bruka han i spiss-rolla er for tidleg å sei.

-Eg vil sjå kor han kan gjera best nytte for seg for laget, seier trenaren til vhfk.no i kveld. Gillesdal er ein sterk og robust spelar som vil gi oss ein fysisk dimensjon vi ikkje har hatt på lenge, seier Solberg vidare og trekker fram Baron Blod alias Sjur Hevrøy som samanligning.

 

Mons Gillesdal har tidlegare spelt i Eid og Os. Han har stort sett spelt 3. divisjonsfotball sidan han var 16 år gamal.

Det skal bli spennande å sjå utover vinteren kva han er god for. Kanskje er det ein ny kraftspiss eller ein ny solid midstoppar? Det får Joen bruka vinteren på å finna ut....