Nye ansikt på A-laget

FURUBAKKEN/BERGAN BYGG CUP: VHFK-trenar Jo Solberg har mista fire spelarar den siste tida, og troppen byrja å verta i tynnaste laget. Før kampen mot Hausvik fredag kveld var det fleire nye ansikt å sjå under VHFK-oppvarminga. Simon windt (t.v. på bildet) fekk sin første kamp frå start, medan Espen Kallekleiv debuterte for A-laget...

Simon Windt har hatt nokre innhopp tidlegare i år, men fekk sinførste kamp frå start mot Hausvik i går. Ungguten var frisk og god deiførste 20 minuttane, og hadde fleire gode innlegg frå høgrekanten.

Ein annan juniorspelar fekk sin A-lagsdebut mot Hausvik, ogEspen Kallekleiv kom godt frå den oppgåva då han kom innpå etter pause.Bergan Bygg Cup var ein fin sjanse for unggutane til å få prøva seg ikamp, og håpet er at dei utviklar seg nok denne sesongen til å tasteget inn i A-stallen for fullt.