Nytt tap for damelaget

Søndag gjekk damelaget på eit 1 – 6 tap mot Bergen Nord/Hovding. Dette var det fjerde tapet for sesongen for heimelaget. Kampen var prega av dårleg tempo og lite samspel av VHFK. Men mangel på sentrale spelarar var nok det største problemet.

- Me klarar å stilla lag i dag, men me manglar fem sentrale spelarar, fortel trenar Tone Raknes. Damelaget har tapt alle kampane så langt i sesongen, men så er heller ikkje ambisjonane så store i år.

- Me har eit veldig ungt lag i år. Dei fleste er eigentleg på juniornivå og treng tid på til å bli vant med det fysiske og taktiske spelet på damenivå, forklarar Tone.

I første omgang såg det ut til at Valestrand Hjellvik sleit med det meste, både tempo, pasningspel og samspel heldt ikkje mål. Bortelaget gjekk raskt i leiinga og dei fekk eit mål annullert ikkje lenge etterpå. Heimelaget kom på eit sjeldan angrep etter 32 minuttar og Aina Vassdal sette ballen sikkert forbi bortelagets keeper. Men før pause scora gjestane to mål til og stillinga til pause vart 1 – 3.

I andre omgang heva VHFK seg noko, spesielt offensivt. Men sjølv om Bergen Nord/Hovding fekk ein spelar utvist vart da ikkje mål for damelaget. Gjestane la i staden på 3 nye mål og sluttresultatet vart 1 – 6.

-I andre omgang skapte me fleire sjansar og hadde fortent mål, slår trenaren fast.    

Ho er passe nøgd med kampen på Furubakken søndag.

- Bergen Nord/Hovding var ikkje noko spesielt gode. Hadde me stilt med første ellevaren vår hadde me hatt ein sjanse til å slå dei. Men eg er svært nøgd med innsatsen, og ikkje minst innstillinga, til dei som spelte i dag, rosar trenaren.  Ho trekkjer fram Ingrid Revheim som dagens beste spelar.

- Ingrid spelte midstoppar i dag, noko ho ikkje pleier å gjera, men ho besto oppgåva med glans, skryt Tone.   

No håpar trenaren på at sentrale spelarar er tilbake til neste kamp og laget har ein del å ta tak i.

- Me stressa veldig når me får tak i ballen i dag. Det går på det meste på ein touch og det vert ein del panikk pasningar. Me må slappa meir av og snakka betre saman på bana, understrekar ho.

Tone legg til at det er ei god stemning i laget for tida, både på trening og kamp.

- Det virkar som om alle trivst godt og eg reknar med det vert framgang i løpet av sesongen. Me har hatt nokon stygge tap, spesielt mot Gneist, men dei er jo for tredje divisjons lag å rekna. Resultatet mot Tertnes gjer eit feil bilde av kampen der me burde ha vunne. Bergen Nord/Hovding er eit lag me skal slå neste gang me møter dei, presiserar Tone.

Trenaren ventar no på tre nye spelarar.

- Desse vil forsterka laget betrakteleg, fortel ho.