Opprykket glapp på overtid

KUVENTRÆ/OS: Os sikra seg billett til 2. divisjon fire minuttar på overtid i dagens kvalik på Kuventræ. Berre fem minuttar før slutt stod det 1-1, og det gjekk mot 3. divisjonsspel for VHFK. To scoringar i sluttminuttane avgjorde for heimelaget...

Velkommen til LIVE-dekning frå Kuventræ. Vi har direktelinje frå Os heim til Valestrand, og vil oppdatera heile kampen.

Lagene ser slik ut:

 

OS: Hallvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Frode Buvik, Vegard L. Moberg, Tim Sperrevik og Torkel Hjertnes.

AUSTEVOLL: Harald Østervold, Øystein Storebø, Ansgar Kalvenes, Stig Storebø, Tord Harald Skår, Joakim Melingen, Brede Storebø, Inge Andre Rabben, Håvard Vassnes, Kurt Hovland og Trond Heggestad.

DOMMERE: Kai Erik Steen, Gneist. Jan Ophuus, Flaktveit. Lasse Patrikainen, Askøy.
 

 

 

Ka e stillingen Søviknes runger over stadion i minuttane før kampstart.

 

00 Der er kampen igang.

03 Oranjse, kvitt og svart utgjer ca halvparten av tilskuarmassen

05 MÅÅÅÅÅL 1-0 til Os.   Tim Sperrevik ordner ledelse

 

07 MÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL 1-1 Austevoll utligner på corner. Stor jubel blant dei tilreisande.

09 Ny corner Austevoll

Stor sjanse Austevoll. Heggestad skyt på heil volley, men like over. Bortelaget har overtatt initiativet no.

11 Austevollmanna runger over Kuventræ.

Tim Sperrevik burde hatt gult kort etter å feira uhemma framfor Austevollfansen då han scora.

14 Skudd frå Austevoll. Langt over.

16 Litt tynt framover for Austevoll.

 

Heggestad blir lagt i bakken på 16-streken, men får ikkje frispark.

Trond Heggestad vår mann går på tribuna.

17 Corner Austevoll. Går langt over.

18 Austevollkeeper er utenfor 16-meter og feller ein Os-spelar.

RØDT KORT til keeper!!!

Austevoll redusert til 10 mann.

Frispark til Os frå 18 meter.

21 Nydelig redning frå reservekeeper Jon Andre Njåstad. Han får ein kanonstart på kampen.

23 Det kan bli tøft for bortelaget her no. Os kjører kampen.

24 Fara øve dei - fara på!

25 Frispark Austevoll - dårlig utnytta.

Regn i lufta på Kuventræ.

26 Skudd frå Trond Heggestad for gjestane, som spelar i svart og kvitt for anledningen. Er det eit godt teikn for VHFK?

27 GULT KORT til Inge Andre Rabben,  Austevoll

28 Austevoll-kaptein Brede Storebø ligg nede med skade. Må han byttast ut, er det ille for gjestane.

AIK med 9 mann i øyeblikket. Os i angrep.

30 Stor jubel på tribuna når Brede Storebø kjem innpå igjen.

31 Nesten for AIK.

32 Skudd frå Os.  20 meter over mål.

33 Austevoll i angrep. Heggestad blir stoppa på 16-meter.

34 Heggestad blir lagt ned inne i feltet. Publikum skrik på straffe, men dommaren vinkar spelet vidare.

36 Stor stemning på Kuventræ. Det er flest osingar, men gjestane gir klart mest lyd frå seg. Tribunekampen er allerede vunne av AIK/VHFK

Jo Solberg trur dette blir for tøft for AIK med 10 mann.

AIK spelar no med tredjekeeperen. Førstekeeper er skadd, og andrekeeper starta, men vart altså utvist før 20 minuttars spel.

38 AIK i angrep. Brede Storebø skyt like over. Fint angrep frå gjestane, og det kunne fort ha stått 1-2 her no.

39 Corner til Os. Austevoll får rydda unna.

41 Austevoll i angrep. Heggestad skyyyyt....i nettveggen. Burde kanskje lagt inn der.

42 GULT KORT til Brede Storebø, AIK sin kaptein.

Supporterane har funne ut at det er Varme Håttåks i området.

44 Os får frispark for alt no. Dommaren dømmer mest for heimelaget hittil. Unødvendig pirking på midtbana.

45 Det går mot pause på Kuventræ. Frispark til Os i Are Bryhn-posisjon. Billig frispark nok ein gong. Kan bli skummelt.

45+ Corner til Os. AIK ryddar unna. Det blir nok lagt til nokre minuttar her pga utvisninga.

45+ Os pressar no. AIK-keeper litt slepphendt på enkle ballar.

45+ Der er det PAUSE på Kuventræ. Det står 1-1, og dette kan verta tøft for AIK utover i andre omgang.

 

Os MÅ ha mål for å klara dette. AIK klarer seg med uavgjort. Vert stillinga 2-1 til heimelaget, må det spelast ekstraomganger.

Scorer AIK eitt mål til, må Os opp i fire for å klare opprykk. Det vert ein spennande andreomgang.

 

Heile A-laget til VHFK minus Tom Sivertsen er på plass på tribuna i dag.

 

46 Andre omgang starter

47 Gedigen sjanse for Os. Redning på streken!!!

48 Corner for Os. AIK får rydda unna.

50 AIK-spelarane vil ha straffe. Kan ha vore hands inne i feltet.

52 Os i angrep. Blir blokkert.

53 Austevoll kontrar, men vert stoppa på 16-meter.

53 Corner AIK. Ingenting skjer.

Fantastisk stemning på Kuventræ. AIK må jo føle at dei er på heimebane, så stor forskjell er det på supporterstemninga.

55 AIK i angrep. Ballen går heilt inn til keeper.

1100 betalande tilskuarar på Kuventræ i dag.

56 Bra sjanse for AIK. Os reddar. Tim Sperrevik ser kjørt ut.

57 Ny sjanse for AIK.

58 Skudd frå Vegard Moberg, Os. Like over...

Kåre Bognøy finn fram tobakken her no. Nervene er i høgspenn.

Heia Austevoll rungar over stadion. Frå Os-leiren er det meir stille. Høyrer ikkje ein lyd frå dei gule. Heimepublikummet er nok i sjokk.

61 AIK nesten åleine med keeper, men vert stoppa i siste sekund.

62 Os i angrep. AIK beinar ballen unna. Heimelaget pressar no...

63 Os bit seg fast på AIK sin halvdel, og har klart overtaket no.

64 Corner Os. Keeper går opp og heldt ballen.

65 AIK byttar ein spelar.

Innbyttaren driblar seg gjennom, og får ein halvsjanse på si første ballberøring.

66 Os har ballen

67 Os byttar. Tore Valvik går ut, Preben Borgen kjem inn.

68 Innlegg i AIK-feltet. Fantastisk redning av AIK-keeper på heading frå Sperrevik. Corner Os.

69 Innkast AIK

VHFK og AIK er drøye 20 minuttar unna opprykk.

AIK-gjengen har kasta seg på songane til VHFK-supporterane, og det er eit fantastisk liv på Kuventræ.

70 Corner AIK. Os klarerer, og det vert innkast AIK.

71 Publikum vil ha straffe til AIK, dommaren dømmer frispark Os.

72 Kåre Bognøy får beskjed på SMS om å kjøpe ferdigrulla til neste kamp.

73 Os bytter. Christer Olsen kjem inn for Vegard Moberg.

74 Speaker på Kuventræ prøver fortvila å få liv i Os-leiren, men forgjeves. Heimepublikummet har ingen mulighet mot gjesteskaren på tribuna.

75 Innkast Os midt på AIK sin halvdel.

76 Heile andre omgang føles som eit langt Os-angrep.

77 Denne stemninga MÅ jo oppildna AIK-spelarane. Slik sammenhengande trøkk har dei ALDRI hatt på Brann Stadion.

79 Stor sjanse Os. Skudd frå 7 meter på blank goal, men kjemperedning av AIK-keeper. Han har spelt ein kjempekamp!

80 Os i angrep igjen. Ballen går til innkast. 

81 Vi er ti minuttar unna opprykk, folkens...

82 Os i angrep igjen. Mister ballen.

83 Os kjem igjen, men AIK bryt.

84 Corner AIK

Os header utover. AIK kjem igjen. Halvsjanse. Bana er sleip no.

84 Os bytter igjen. Dei har dårlig tid no.

85 MÅÅÅÅÅÅÅÅL 2-1 til Os. Skuddet går via tverrliggar og i nettet.

86 No vert det ekstraomgangar dersom det står seg ut.

87 AIK er godt kjørt no

88 Os pressar, og AIK kjem seg ikkje opp på bana.

88 Corner Os. AIK beinar unna.

89 Os pressar kraftig.

90 To AIK-spelarar nede med krampe no. Kaptein Storebø er ute, og AIK har 9 mann på bana.

90+ AIK bytter. Brede Storebø er ferdig, og vert ikkje med dersom det vert ekstratid.

90+ Frispark Os. Inn i feltet, går til corner.

90+ Frispark AIK på egen halvdel. Håplaus pasning i det som kunne blitt ein sjanse for AIK

90+ MÅÅÅÅÅL 3-1 Os.

Fire minuttar på overtid kjem avgjeringa.

RØDT KORT til ein på Os-benken for å sparka bort ballen

95 Der er kampen slutt. Os er oppe, og VHFK må spela i 4. div. neste sesong også.

Dommaren legg til 5 minuttar i ein kamp der det ikkje er særleg å leggja til for.

 

Det vart berre nesten for eit hardtkjempande AIK-lag, og Os-leiren jublar hemningslaust for eit opprykk som sat svært langt inne.

Vi takkar for oss frå Kuventræ.