Osterøyspelar klar for VHFK

Osterøy sin raske forsvarsspelar Ole Morten Tysse (23) er klar for ein overgang til Valestrand Hjellvik, og vert dermed lagkamerat med broren Øyvind som kom til klubben sist haust.

VHFK-trenar Jo Solberg får dermed ein etterlengta opptur påspelarmarknaden, etter at stallen hans har minka betrakteleg sidanårsskiftet. Trenaren var også i perlehumør då vhfk.no var i kontakt medhan tidlegare i dag. -Eg er kjempefornøyd. Ole Morten tilfører endåmeir fart i forsvaret vårt, samtidig som det vert større konkurranse istallen, sa ein glad Jo Solberg.

Ole Morten Tysse har
tidlegare spelt for Fotlandsvåg og Osterøy,og tok sjølv initiativ til overgangen. -Eg har tenkt på dette ei stund,men ikkje tatt steget fullt ut før no, fortel 23-åringen til vhfk.no.Han seier vidare at det var fleire ting som spelte inn når han skullebestemma seg for å skifta klubb. -Det var sjølvsagt lettare å velgjaVHFK når bror min allerede spelar der, men også det at Håvard(Hegg-Lunde) er med under VHFK sine forsvarstreningar har betydd eindel for valget mitt, seier storebror Tysse.

Ifølgje ryktene skal
Ole Morten Tysse ha uttalt at han dennesesongen kjem til å få sine to første gule kort - begge i duell medbror Øyvind. Under cupkampen mellom VHFK og Osterøy sist helg fekk hansitt første. No vert det ikkje fleire brødreduellar i kamp på ei stund,men den sympatiske forsvarsspelaren opnar opp for ein del familiæresamanstøytar på treningane framover. -Eg synest jo det var gøy å spelamot Øyvind i Bergan Bygg Cup, så eg fann ut at eg like godt kunne møtahan i duellar to-tre gongar i veka - på trening, flirer eldstemannTysse.

På treningsfeltet har dei
to allerede møttest, for Ole Mortenhar trent med Valestrand Hjellvik den siste veka. Han meiner tempoet erden største forskjelen på dei to 4. divisjonslaga på øya. -Det erstørre tempo på trening hjå VHFK. Du merkar fort at alt går littraskare, fortel Tysse til slutt.

VTV kjem tilbake
med ein presentasjon av den nye spelaren i starten av neste veke.