På veg til VHFK

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Dagen før A-laget tek imot opprykksrival Ny-Krohnborg til toppkamp på Furubakken, kjem trenar Jo Solberg med ein gladnyhet til alle VHFK-fans: Midtbanegiganten Tom Sivertsen er på veg tilbake til klubben...

Tom Sivertsen kom til Valestrand Hjellvik før 2007-sesongen, og spelte seg raskt inn i hjertene til klubben sine supporterar. Med ein spelestil der uttrykket "å blø for drakta" kjem heilt til sin rett, spelte Tom Sivertsen seg til ein heltestatus nesten utan sidestykke hjå supporterane og tribuneslitarane på Furubakken.

 

Etter å ha avslutta jusutdanninga si i Bergen i fjor vår, reiste så supporterhelten tilbake til Haugesundstraktene, og 3. divisjonsspel for Avaldsnes. Men han lova å komme tilbake til Furubakken så snart han fekk seg arbeid i Bergen. No er han altså endeleg på veg tilbake, og kan nesten ikkje venta på å dra den svartkvite drakta over hovudet att. -Eg gleder meg voldsomt til å spela for Valestrand igjen. Det finst ikkje nokon betre klubb på denne jord, seier den sympatiske Haugesundaren i ein kommentar til vhfk.no i ettermiddag.

 

Dersom alt går etter planen kan Sivertsen vera klar for VHFK allerede til bortekampen mot Rosendal neste helg. Men først skal han spela sine to siste kampar for Avaldsnes. -Ja, eg skal spela ein kamp no i helga og den siste på onsdag, så dersom alt går bra skal eg vera klar til Rosendalkampen, seier han. 

 

Sannsylegvis vert det då gjensyn med Furubakken-publikummet i toppkampen mot serieleiar Øygard den 5. september. Dermed har Jo Solberg sikra seg ei solid forsterking også i midtbaneleddet før haustinnspurten slår inn for fullt. Og Tom Sivertsen er klar til å vera med å kjempa om ein plass i første-ellevaren til Joen, med litt påtatt humoristisk beskjedenhet. -Eg får berre håpe eg ikkje flopper slik som Are (Bryhn) har spådd, ler midtbaneslitaren med klar adresse til diverse kommentarer på supporterforumet .

-Men dersom det skjer kan eg uansett bidra med flotte finmotoriske feiringar når andre gjer det bra, flirer han og sender ei internmelding som takk for sist til trenaren.  For dei uinnvidde kan vi forklara at Joen gjorde eit forholdsvis stort nummer av tv-bildene som viste ei litt klumsete scoringsfeiring frå unge Sivertsen på seinhausten 2007.

 

Tom Sivertsen vert snart å sjå i den svarte og kvite drakta att. Gjer klar for sesonginnspurt på Furubakken med full sprut i alle taklingar!