VHFK - Loddefjord 1-1 (seriefinalen)

Per Jomars VTV-nøtter

Vesle julaften kl. 17.30 vert det livesending på VTV. Per Jomar Vestpool inviterer til julenøtter kvelden før kvelden, og har invitert med seg ein skotsk Valestrand Hjellvik-supporter til å lesa eit sjølvskrive juledikt. Det vert garantert moro når desse to prøver å skapa julestemning på VHFK sin eigen TV-kanal like før Grevinnen og Hovmesteren overtek på NRK...

Per Jomar Vestpool var for nokre år sidan konferansier på fotballfesten til VHFK. I år fekk han æra av å dømma den tradisjonsrike avslutningskampen mellom A-laget og Supporterlaget. Etter å ha fått ei flaske smørningsmiddel hjå manageren til Black&White Army var det nok ikkje alle på A-laget som likte dømminga hans, men verst var det nok for nykomlingen Mons Arne Gillesdal som fleire gongar måtte spørja lagkameratane sine om han ikkje var "heilt god han derre dommaren."

-Eg trur han bruker parykk, skal Monsn ha sagt i kampens hete.

Ja, ja! Sånn er det å vera ny i bygda.

 

No er Per Jomar klar for nye sprell på VTV. Han har fått med seg "skotten" McArno the Kanel i julestudioet til VTV for å laga førjulskos. Per Jomar trur i alle fall Kanelen er skotsk. For dei som ikkje kjenner Mc Arno the Kanel er det kanskje på tide å lesa bloggen hans på vhfk.no. Tidlegare i år heldt han ein fantastisk tale ved Bullahuset på 17. mai. Han leia også fotballfesten til Valestrand Hjellvik i fjor, og har i tillegg levert søknad om å få jobba i vhfk-redaksjonen frå nyttår.

 

Vil du sjå programmet går du inn på VTV sine sider. Link oppe til venstre og høgre på vhfk.no

Her er dei tre nøttene frå Per Jomar.

 


1. Hvem scorte første seriemålet for Vhfk med Joen som trenar?
a - Henning Klovning Rød
b - Yngve Kversøy
c - Tom Sivertsen
d - Pål Tufta

2. Toppscorer i NM for menn 2009
a - M.B.Diouf Molde
b - Erik Soltvedt Ull/Kisa
c - M.Moldskred Tromsø
d - Tore Myrslo Steinkjer

3. Hvorfor ble Engelskmennene beskyldt for å være dårlige tapere i wm-kvaliken mot Polen i 1973?
a - De forlangte omkamp pga dårlig dømming
b - De møtte ikkje opp til banketten etter kampen
c - Spillerne havnet i slagsmål med polakkene i spillertunnelen.
d - Den engelske trenaren gikk ut i media og sa : Død over Polakkene!

Send svar på sms til 99382193
Hvis noen klarer alle tre nøttene e de med i trekningen av en dobbel dvd med VH 2009
Hilsen Per Jomaren