Rekord for ny nettside

Etter at vhfk.no fekk ein solid ansiktsløftning i april, har nettsida notert besøksrekord to gonger. Aldri før har så mange klikka seg inn på VHFK sin nettstad som den siste månaden. Valestrand-TV har også ei solid auke i antal visningar...

Først kunne vi notera besøksrekord i april månad. Nesten 7200 gonger vart klubben sin nettstad besøkt, og mange tok seg også tid til å sjå film på sida. Valestrand-TV hadde om lag 3000 visningar i april, og dette er gode tal for VHFK sin eigen TV-kanal.

Allerede i mai månad vart den nysette rekorden knust ned i støvlane. Med nesten eitt døgn att til månadsskiftet har vi passert 9100 besøk i mai, og prognosene tilseier at vi vil nærma oss 9500 besøk før månaden er over. Dette er eit kraftig hopp framover for nettstaden, og gode signal om at ting vert gjort riktig.

Valestrand-TV har også hyggelege tal å visa til denne månaden, og har i skrivande stund passert 3700 mai-visningar. VTV får også stadig vekk svært positive tilbakemeldingar både på mail, SMS og ute blant folk.

I løpet av sommaren er planen å få i gang eit etterlengta diskusjonsforum på vhfk.no, slik at brukarane kan vera med å kommentera både artiklar og bloggar. Håpet er at dette vil skapa meir liv på nettstaden, og at besøkstala på denne måten kan stiga ytterlegare utover hausten. Diskusjonsforumet er nesten klart, men manglar den siste finpussen.

Webredaksjonen arbeider
også med å få i gang fleire bloggar på sida, og ønskjet er at nokre av A-spelarane vil blogga til folket etter kvart. Dersom A-laget til klubben held fram med å kjempa i toppen framover, kan det verta eit rekord-år for VHFK sin møteplass på nettet.