Samanslåing

Stadig høyrer ein prat om samanslåing av fotballklubbane på Osterøy til ein ”storklubb” som skal nå uana høgder og at det på alle måtar skal gagna Osterøyfotballen. Sjølv har eg alltid vore imot dette, men etter å ha diskutert litt og ruga litt på saken har eg berre vorte endå meir sikker i meininga mi. Det fins knapt nok argument som talar for samanslåing. Samarbeid – Ja, men samanslåing – Eit stort og rungande NEI!

Økonomisk: Påstanden er at eit ein samlingsklubb vil generera endå meir sponsormidlar frå næringsliv, inntekter frå publikum etc.

 

Men det er vel neppe mange ved sine fulle fem som trur at det gagnar klubbane totalt. Om ein i dag gir 10k til A og 20k til B betyr ikkje det nødvendigvis at ein vil gi 30k til C og samstundes heldt fram med å bidra til A og B. Når det gjeld andre inntekter som publikum, dugnad og liknande, er det framleis slik at innbyggartalet i kommunen ikkje aukar ved samanslåing. I tillegg skal dei bry seg om ein ny klubben som no ikkje ligg i lokalmiljøet. Dei gamle klubbane vil nok framleis eksistera på eit lågare nivå samt med aldersbestemt fotball og dette er verken gratis eller innbringande, samstundes som det er her det lokale initiativet med dugnad og liknande ligg. I tillegg vil ein sokalla storklubb kosta meir i drift. Påstanden min er at både eksisterande og ein evt. ny klubb li økonomisk ved samanslåing.

 

Sportsleg: Påstand om at dette vil vera svært bra for unge talent som vil nå langt og at det vil vera ei fantastisk oppleving for publikum på Osterøy å få sjå 3.divisjonsfotball.

 

Unge talent bør først og fremst spela få spela fotball. Slik det er i dag har dei ein fantastisk muligheit til det, på akkurat det nivået dei vil og der dei kjem inn på laget. Og har dei unikt talent og eit stort ambisjonsnivå finn dei betre alternativ bortom fjorden uansett. Men her blir det synsing uansett kva synspunkt ein har i utgangspunktet. Men dei som uansett vil li er dei lokale A-laga som etter kvart begynnar å slite og i enkelte tilfelle vil opphøyra. Ein god del habile spelarar frå 4.divisjonsnivå og nedover vil rett og slett slutta og spela fotball. Ikkje akkurat ein sportsleg suksesshistorie? Korleis blir det då med dei aldersbestemte laga rundt i kommunen?

 

Publikum ser lokalfotball fordi det er lokalfotball. Ikkje fordi lokallaget spelar i 5. 4. eller 3. divisjon. Med Champions League, Premier League, Eliteserien, VM og EM på fjernsynet året rundt, samt ein eliteserieklubb (hugsa ikkje kven i farten) 40 minutt unna er dette eit latterlig tema. Ein spaserer ned på bana for å sjå A-laget i aksjon, få ein luftetur, treffa bygdafolk og høyra på dei gaukane som står på bunkersn og skjemmer seg ut for halva bygde. Og når det er lokaloppgjør strøymer ein til i hopetal. Desse kampane trekkjer jamt over 400-500 tilskodarar kvar bidige gong. Og so er det kjekt! Då reiser ein til og med på bortekamp i hopetal. Ville det skjedd mot Hovding eller Arna Bjørnar? Rundt 100 på ein god dag og då på heimebane.

 

Ein klarar ikkje konstruera engasjement for noko som ikkje har lokal forankring og tradisjon. Til det har vi alt for mange andre alternativ og fritidssysler. For ikkje å snakka om alt rasje i garasjen som skulle vore rydda vekk.

 

Dette kan kanskje berre vere mi eiga pessimistiske meining og bakstreberske holdning.

Men viss dette berre gjeld meg sjølv og ingen andre. Om ein får 99,9% oppslutnad om ei slik løysing, ikkje berre full men ekstra dugnads og ståpåvilje. Viss alle som til vanleg ruslar på bana for å kosa seg også er villige til å setja seg i bilen for å sjå ”lokalfotball”. Viss alle går mann av huse for å sjå kampen mot N*K, på bortebane. Viss næringslivet i kommunen grev dobbelt so djupt i lommeboka. Viss nokon kan fortelja meg om suksesshistorier frå liknande kommunar. Då skal eg heller bøya meg i støvet og sei at eg tek feil… Og so får eg sjå om eg giddar å ta turen på ein slik kamp ein dag eller om eg heller slår plen. Føle liksom ikkje slek voldsom trong til å bala meg av gårde for å hoppa rundt i ein jenkaring og synga: Badnafakte, gaukaskap – piker, vin og Osterøy Samlingsfotballagfornoharmedagruelekjektogslårpåstoretromme

 

Men ein skal ikkje sjå bort i frå at nåke vil lika dette. Dei som ser landslagsfotball (når da går bra) og dei som heia på ”dei so spela finast fotball”. Men desse fordufta stort sett fort viss ein møte aldri so lite motgang, dei heilt store prestasjonane uteblir eller nokon nemner ordet dugna. Det er ofte desse som talar varmt om samanslåing men som når det kjem til stykke ikkje bryr seg noko særleg uansett.

 

Eventus stultorum magister

 

Mvh

FT