Scoringsklubben 2009

A-laget kjører i gang ein scoringsklubb heilt på tampen av sesongen. Støtt fotballklubben med eit beløp per scoring a-laget har i sesongen og tipp kor mange mål laget kjem til å score totalt. Premie i scoringsklubben vert trekt ut blandt dei som tipper riktig antall og er et weekendopphald på Solstrand Hotell. Hittil er det blitt 69 scoringar og tre kampar gjenstår.

Kampane som gjenstår er heime mot Loddefjord og Os 2 og serieavslutning borte mot Osterøy på Hatland. Gjer serieinnspurten endå meir spennande ved å melda deg på scoringsklubben.

Tipp kor mange mål VHFK scorar på dei tre kampane og legg til 69. Då kan det vera nettopp du som kan ligga og kosa deg i spa-anlegget på Solstrand Hotell og nyta eit eventuellt opprykk.

 

 A-lagspelarane kjem til å gå rundt i bygda iløpet av dei neste dagane, men viss dei mot alle odds ikkje dukker opp på døra di eller du befinn deg andre stader enn i Valestrandsbygda så kan du sende ei tekstmelding til Pål "Mål" Tufta med navn, adresse, kor mange mål du trur laget scorer totalt og kor mykje du vil støtte klubben med per scoring.
Tlf: 99520416.
Frist for deltagelse er førstkommande lørdag innan klokka 15.00.

Då brakar det laus på Furubakken mellom Valestrand Hjellvik og Loddefjord...

 

PS! Det er også mulig å melda seg på skriftleg inne på gjestaboke til Badnafakte...

 

Følg link.... Scoringsklubben Badnafakte.net