Seks i snitt for VHFK

A-laget til Valestrand Hjellvik er tilbake i gamlelandet etter ein vellukka treningsleir i Ålborg, og no gjenstår finpussinga på serieforma. Vi har sett litt på tal og fakta frå treningskampane i år...

Joen og hans menn har spelt åtte treningskampar til no i år, ogstår framleis utan tap i 2009. Heile sju av kampane har enda med sigertil laget frå Furubakken, medan bortekampen mot 3. divisjonslagetVestsiden på Askøy i januar enda uavgjort.

VHFK-spelarane har banka inn heile 48 mål på desse kampane, nokosom gjer eit snitt på seks ballar i motstandarnettet pr. kamp.Baklengsmåla har begrensa seg til eit snitt på ca 1.3 pr. kamp.

Det ser også ut til at trenar Jo Solberg har funne seg fleirestorscorarar denne sesongen. Trygve Nilsen og Øyvind Tysse har putta tiballar kvar i nota, medan Jonas Hauge og Øyvind Thomassen har signertsju scoringar kvar. Pål Tufta står med fire 2009-scoringar så langt.

Resultater treningskampar 2009:

VHFK - Orion 2-1
Vestsiden - VHFK 3-3
VHFK - Fotlandsvåg 12-1
VHFK - Hausvik 8-0
VHFK - Osterøy 6-1
Bergen Nord - VHFK 4-6
Øvrebyen - VHFK 1-4
Solängens BK - VHFK 0-7

Målscorarlista:

Trygve Nilsen 10
Øyvind Tysse 10
Jonas Hauge 7
Øyvind Thomassen 7
Pål Kjetil Tufta 4
Torgeir Rud 2
Henning K. Rød 2
Are Bryhn 1
Rayner Nygård 1
Kalle Fiskå 1
Vegard Mjelstad 1
Sjur Bysheim 1
Tom Sivertsen 1