Sesongen 2009

For eit comeback! For all del, dei siste sesongane har vore bra, men ikkje heilt den standarn Valestrands supportera kan på da besta. Da har vore kampa med unik stemning og dar har vore eit og anna drypp i media. Ein og an youngster har dukka opp i enkelte samanhenga men stort sett stille. Men det som er flauast er eigentlig oppmøte på fotballfestn dei siste to åra. – So kom 2009-sesongen!

Da starta bra, omtrent på nivået ein har vore vant til. Kampa med flott oppmøte og kampa med mindre folk. Kampa med flott stemning og kampa med litt variert stemning. Heimekampen mot Osterøy er eit godt eksempel på det. Ein del kunne ikkje stilla, andre var slått ut av varmen, men til slutt fekk ein opp nivået og avslutta med stil. Spesielt innspurten var bra med nye songa og det heile.

 

So senka haustmørket seg og ein fekk tette viktige kampa som perler på ei snor. Det var vel ikkje ein kamp der alle "faste" kunne stilla, men so begynte nye fjes å dukka opp. Fleire youngsters og oftare. Heima so vel som borte. Det balla på seg. Jenkatoget blei lenger og songane klistra seg på hjernen. Nye var bitt av basillen. Gaukaskapen smitta og spenninga steig.

 

Reint sportsleg vann ein kampar som perler på ei snor og ein vann dei med stil. Enten med kallassigra eller med utrulig viktige scoringa med påfølgande feiring so fekk da til å gå kaldt nedover ryggen på dei fleste. Det var sportsaugeblikk og gledesscener som har brent seg inn på netthinna for alltid! I enkelte tilfeller var det fare for at rekkverket på bunkersn skulle gi etter. Slik galskap skal ein langt opp i divisjonssystema for å finna og knapt nok der. Til slutt kom gysarane på rekke og rad og det heile kuliminerte med 2 ekstra kampar der ikkje ein gong VHFK spelte, men til de grader var involvert frå sidelinja. So pass at ein fekk meir spalteplass i media enn laga det gjaldt.

 

Apropos media…… Kor skal ein byrja? TV2 var tidleg ute og kom igjen ved fleire anledningar. So fekk ein nye telefonar og besøk frå både Megafon og BA. Lokalpressa er som vanleg alltid med og innslaga kom hyppigare. Og dette var berre i år….

 

Eit eksempel som illustrerer dette er då nokre av oss gjekk over Torgallmenningen i vår med høg flaggføring og dress. I staden for spørsmål og peiking hørte ein kommentarar som –Det der e Valestrand Hjellvik, Noregs beste supportere…. – Der e de igjen….. –Kem ska dokkar spelle mot i dag, då? Ein skal ikkje langt tilbake i tid før spørsmåla dreia seg om da va Rosenborg so va i bydn.

 

Eg huska ein kveldskamp i haust då eg i pausen tenkte – Fy flate, detta e gøy! Då låg me onna 1-0 mot Årstad og spelte godt onna pari….. Då 2-1 scoringen kom føltes da som eg kunne springa lika fort som Øyvind då han kom mot Bunkersn med ny pers på 100-metern.

 

Noko berre alt for få fekk med seg, var allsangen på ein vinkjellar i Rosendal. Det tok seg meir og meir opp og til slutt sat ein arm i arm med Rosendal-spelarane og song for full hals. Då Tysse-songen ljoma som høgast på slutten må ein til Alberts i Liverpool, på ein god europacupkveld, for å finna noko liknande. Da va rett og slett magisk og eg kjenne suset i øyrena endå. Ein har fått taket i både Kongshal, Fotballpuben og Caprien til å letta tidligare, men dette var heilt rått. Hadde Øyvind vora dar då, hadde han begynt å grina. Garantert!

 

Med denne gjengen er sjeldan overraskinga langt borte. Ein veit aldri kva som ventar bak neste hjørne og stadig vankar det meir ros og godord. Det er utruleg kjekt og pensjonisttilværelsen virkar stadig meir fjern til tross for at endeleg rekrutteringa ser ut til å bæra frukter. Det er nesten det som har gleda aller mest denne sesongen! Alle dei nye fjesa både på bunkersn og på bortekampar. Alle som ein! Måtte dei fortsetja! Måtte dei bli fleire! Dette er mitt største ønske for kommande år!

 

I tillegg til ein heidundrande fotballfest 14.november!

 

Omnia vincit amor

Nunc vino pellite curas

 

FT