Sikra tredjeplassen

FURUBAKKEN/VALESTRAND: A-laget til VHFK var best i topp-oppgjeret mot Loddefjord på Furubakken i dag. To scoringar i kvar omgang sørga for komfortable 4-1 over raudtrøyene frå Alvøen. TV2 var tilstades på Furubakken under dagens kamp, så det vert nok fine tv-bilder å gleda seg til i førstkommande Matchball Mandag...

VHFK - Loddefjord 4-1 (2-0)

 

 

Lagoppstilling VHFK

 

1. Robert Eikeland

2. Thomas Røskeland

3. Kalle Fiskå

4. Torgeir Rud

5. Rayner Nygård

6. Are Bryhn

7. Øyvind Thomassen

8. Tom Sivertsen

9. Pål Tufta

10.Trygve Nilsen

11. Magnus Opheim

 

Jevn første omgang, men heimelaget har vore best foran mål og leder 2-0

Første målet kom etter ein perfekt slått corner av Are Bryhn som Pål Tufta headda i mål.

2-0 scoringen var ei perle. Rayner Nygård lada kanona frå ca tjue meter og banka ballen i mål på frisparket.

Loddefjord er eit godt lag som er giftige kvar gong dei kjem i angrep.

Ingen livedekning idag pga dårlig vær.

Vi kjem tilbake med meir etter kampslutt.

 

2. omgang:

 

Før publikum hadde komme seg opp att på tribuna etter pølse og kaffikjøp i pausen banka Øyvind Thomassen inn 3- 0 til heimelaget.

Magnus Opheim la på til 4-0 for VHFK før Lars A. Andersen reduserte til 4-1 like før slutt.

Ein god kamp av begge lag, men VH var best foran mål. Trenar Jo solberg meinte at Loddefjord var det beste laget dei hadde møtt i år.