Småjentene til finalen

Småjentene 13/14 gjekk heilt til finalen i Ål cup 14.-16. august, noko me er kjempefornøgde med. 16 spelarar, alle representert med foreldre og sysken – til saman 51 personar var med og gjorde turen til ei flott oppleving.

Jentene vann dei 4 kampane i gruppespelet laurdag –. 4-0 og 1-0 over Fana på den flotte kunstgrasbana på Ål, og 2-0 og 2-1 over Vikersund på den ikkje likegode, smale og humpete grusbana.

 

Spesielt var fyrste kampen mot Fana veldig bra, med stor innsats og mykje bra spel. 4-0 kunne vore mykje meir, men Fana gjorde alt for å unngå stortap – bl.a. med fyrst å ha 12 spelarar på bana og så dei fyrste seks minuttane i andre omgang med 13 røde ute på bana. Dette førte til mykje klyngespel, men vakne publikummarar gjorde etterkvart dommaren merksam på dette.

Dei to neste kampane gjekk mot Vikersund på ein liten og humpete grusbane. Dette blir ein annen type fotball, og spelet vart deretter. Men me vinn, og forsvarsspelet fungerte veldig bra, og einaste målet mot kom på eit straffespark.

 

Siste kampen denne dagen gjekk klokka seks om kvelden – igjen mot Fana. Ausande regnvêr utover dagen gjorde at jentene var både gjennomvåte, kalde og litt trøytte - og kampen vart ikkje like god som den fyrste, men jentene vinn like vel kontrollert 1-0.

 

Me vann alle kampane og vart derfor beste vinnarlag og søndag møtte me Ål i A-semifinale. Fleire jenter fekk litt småskada på laurdag, noko som bl.a. gjekk utover angrepspelet vårt søndagen. Me dominerar likevel mot Ål, men greier ikkje å setja ballen i mål. Me vinn likevel klart 3-0 på corner. I den andre semifinalen vann Tertnes 3-0 over Nordre Fjell frå Sotra.

 

Det vart derfor finale mellom VHFK og Tertnes. Me møtte her eit svært godt Tertnes lag som vann klart og kontrollert 2-0 over oss. Tidlegare kampar satt nok meir i våre bein enn i godt trena og teknisk gode Tertnes-jenter. Me er likevel strålande fornøygde med å koma til finalen, og stemninga var stor då kaptein Sandra Mosevoll ein stor pokal og jentene sølvmedaljar framfor glade trenarar og foreldre.

 

Jentene har teke eit nytt steg når det gjeld kvalitet på bana. Ekstra gledeleg er det å sjå at pasningsspel og flankespel vert betre og betre, at me lagar flotte mål, at me har raske og giftige spissar, og at forsvarsspelet er vorte solid. Kun eit straffemål i mot på dei fyrste 5 kampane og to i finalen mot Tertnes er veldig bra.

Dette var lagt opp som ein sosial tur, der alle spelarar hadde med foreldra og sysken. Me budde fredag til søndag på Storefjell Resort Hotel. Her budde me svært godt, åt godt og det var enkelt å få tørka opp alle våte klede. Jentene brukte bassenget så mykje dei greidde – til og med etter middag laurdag kveld. Når me har eit lag beståande av spelarar frå Haus og Valestrand Hjellvik, er det utruleg positivt med ein slik tur der spelarar, sysken og foreldre kan vera saman sosialt på tvers av bygdene. Me håpar dette kan fortsetja i framtida.