Småjentene vann 3-0

Søndag 14. juni. <br /> Ny seier! Jentene fortsatte framgangen frå sist kamp og vann 3-0 på Furubakken i dag.

Fin 3-0 seier etter 0-0 ved pause. I denne kampen leverte me den beste kampen sidan opningskampen. No vann me mykje meir duellar, låg mykje tettare på motstandarane, og utnytta romma betre. I tillegg såg me mykje fleire trekk enn det me har sett dei siste kampane.

Me hadde mange moglegheitar til å skåra i fyrste omgang, bl.a. 2 i stolpane og 3 gonger åleine med keeper, men margina var i mot oss. Me gjekk derfor til pause med 0-0. Heldigvis skåra Sigrid tidleg i 2. omgang, og då Veronica auka til 2-0 hadde me full kontroll på kampen. Ingvild avslutta så med eit kjempeløp på høgre sida som ho avslutta med å setja ballen vakkert i mål frå skrått hold. Kjempemål!

 

Stor fremgang for spelarane og laget. Alle jobba godt, og det verka som det var meir fart i beina på dei fleste. Midtbanen med Tonje, Gina, Sigrid, Thea, Laura og Kjersti hadde meir ro og fann romma mykje betre enn tidlegare.

 

Samtidig leverte forsvaret med Malin, Maren, Susan, Sandra, Hanna og Marit stødig arbeid gjennom heile kampen, og dei gongene Eidsvåg var farleg frampå, rydda Elin opp. Sandra er med sin hurtigheit med å laga større tryggleik i forsvarsarbeidet samtidig som ho har krefter til å gå opp i angrep. Me får derfor ein dimmensjon ekstra å spela med.

 

Veronica, Hanne og Ingvild stod på framme og var farlege ved fleire høve.