Småjentene vann stort

Småjentene fekk ein kjempeflott start på sesongen 2009! Etter ein litt treg og nervøs start, der Austevollingane tok leiinga 1-0, kom me sterkare tilbake utover i kampen, og vann til slutt fine 7-1.

Når jentene fyrst fekk roa seg litt etter ein nervøs start med mykje ballar rett opp i lufta, byrja spelet å gli betre. Ballen vart spela meir og meir på bakken, og då vart etterkvart 0-1 til 3-1 ved pause. Etter pause putta jentene på med nye 4 mål. Austevoll var imidlertid ikkje ufarlege, men både forsvaret og Elin i mål  leverte flott innsats. Framover på bana banka Sigrid inn 4 flotte mål, og Sandra fylgte opp med 2 og Thea med eit.

Alle jentene leverte flott innsats i solskinnet på Furubakken, og innsatsen var så stor at ein kollisjon mellom Thea og Susan som enda med hevingar i panna, ikkje førte til anna enn at begge fullførte kampen med stil.  

Me kan imidlertid bli enda betre, og det har me tenkt å bli utover i sesongen. Største utfordringa blir å tøra å ta ned ballen, spela den langs bakken, samt bruka dei store romma som etter kvart blir i kampen. Fysisk er det mange som heldt høg kvalitet allereie, og så skal me jobba for at andre etter kvart tek etter.

RH.