Som saua i bur

Som nemnt tidligare vart kampen på Krohnsminde, med tidlig avspark klokka 13:00, flytta grunna frykt for både det eine og det andre på og utanfor tribuna. Ei rekke andre tiltak var også satt i verk på grunn av usanne og til dels utrulege rykte omkring bortsupporterane. Behandlinga dei tilreisande fekk er under ein kvar kritikk.

Før kampen blei det tidleg klart at alle tilreisande blei møtt med ei kald skulder, hindringar og problem. Vegstyresmaktene hadde ikkje lagt tilhøva til rette for auka i trafikken mellom Valestrand og Danmarksplass i timane før avspark og det var allereie kork før Gullgruven. I Ibsensgate var det også tilløp til dramatikk der bl.a TV-teamet frå Valestrand Televisjon var innblanda. Men ein kom no til slutt fram til og fann ein parkeringsplass i gåavstand fra tribuna og seksjonen ein var tilelt. I alle fall dei som var ute i god tid…..

 

Ein registrerte kjapt at tribunedelen som tilreisande VHFK supportera tidlegare har gjort til sin eigen var jamna med jorda. Eit hint for kva ein hadde satt i stand for å stogga ”bermen”. Dei tilreisande blei i rask rekkefølgje geleida inn eigen inngong og rett inn på avsperra område med nøye tilrettelagde avsperringar og gjerder i alle retningar. Elles var seter og alt anna på tribuna rive opp og fjerna. Då bortsett frå ekspansjonsboltar som stod igjen som perfekte snublekantar og spyd ein kunne ramla på og over for å væra sikker på å øydeleggja seg skikkelig. Heldigvis var det framleis nok av bølgebrytara på tribuna som tok av for dei verste rørslene i folkemassen, spesielt då måla byrja å renna inn bak Ny Kronborg keeperen.  

 

Heldigvis gjekk kampen unna utan alvorlige episodar på tribuna verken i form av skader, håndgemeng eller andre tilløp. No skulle ein berre kunna koma seg heilskinna der ifrå og fekk etter 10 minutts venting, på at heimetilhengarane var borte, stiltra seg ut bakvegen gjennom ei slusa i eine hjørnet.

 

Dei tilreisande var mest overraska over at ikkje eit 20-tals politifolk til hest, med svingande batonga, omkransa dei til ei kvar tid.

 

Heimesupporterane mest overraska over at bortsupporterane bestod av alt frå 3 år gamle jenter til bestemødre, samt flotte ungdomar som rydda alt rasje på tribuna opp etter seg inkl. ting som låg der frå før.  

 

 

Og om du trudde at alt dette var ille nok…. Det var ikkje sal av håttoks!

 

 

FT