Spelte med tre keeperar

FURUBAKKEN/BERGAN BYGG CUP: Valestrand Hjellvik sin A-stall har blitt betrakteleg tynnare dei siste vekene, og i kampen mot Fotlandsvåg i går måtte trenar Jo Solberg vera kreativ i bruken av spelarar. Siste del av kampen var faktisk alle tre keeperane i stallen på bana samtidig...

Kristian Birkeland stod i mål heile kampen mot Fotlandsvåg. Itillegg fekk både Robert Eikeland og Henrik Nygård prøva seg somutespelarar eit stykke ut i andre omgang. Fleire av VHFK-spelaranemåtte forlata bana etter at taklingane frå Fotlandsvåg-spelarane varttøffare utover i kampen.

Både Kristoffer Bognøy og Frank Hansen forsvann til Fana, og deito rogalendingane Anders Berntsen og Christer Sandvik har reist heimatt til Stavanger-traktene. Dermed byrjar A-stallen til Jo Solberg åverta i tynnaste laget for ein hard og lang sesong.