Spenning i topp og bunn

Forsatt kamp mellom VHFK og Os 2 om opprykksplass.<br /> Osterøy tar heisen til 5. divisjon igjen.<br /> Rosendal eller Bremnes rykker ned.<br /> Kven blir toppscorar i VHFK? Kven toppar børsen til Joen?<br /> Les alt om den 21. runden her.

Det er forsatt spenning i topp og bunn i 4. divisjon avd. 1 etter nest siste runde.  I toppen er Øygard klar for 3. divisjon. Os 2 har eit solid grep om den andre opprykksplassen, men må slå Loddefjord i helga for å vera sikker. Sjølv med seier over Loddefjord kan ikkje Osingane sleppa jubelen heilt laus. Os 1 må som kjent klara opprykket til 2. divisjon først. Så gjenstår det å sjå om Os-trenar Frank Hellevik er mann for sine ord. Han lova at kun spelarar med karantene for Os 1 skulle spela for Os 2 i serieinspurten. Dette fekk VHFK merka i helga då både Tim Sperrevik og Torkjell Hjertnes hadde karantene for førstelaget grunna gule kort. No skal laget hans ut mot Loddefjord som har vore eit av dei beste laga i divisjonen så langt. Dei tok skalpen til opprykksklare Øygard i første serierunde og slo Os 2 i siste runde før ferien. Kan dei gjenta den bedriften til helga? VTV sender avgårde dei tre damene i redaksjonen for å holda oss oppdatert på kva som skjer på Kuventræ mellom Os 2 og Lodefjord samtidig som VHFK møter Osterøy på Hatland.

 

Osterøy må etter all sansynleghet ta den tunge vegen ner att i 5. divisjon etter at laget tapte 3-0 i den viktige bortekampen mot Laksevåg. Det såg ikkje ut til at Osterøyspelarane forstod alvoret  i bunnkampen. Laget framsto som om dei allerede var klar for 5. divisjon. Laksevåg sikra seg eit år til med 4. divisjonsspel med dette resultatet. No er det berre syltynn teori som kan redda Osterøy frå nedrykk. Dei må ta inn 14 mål og 3 poeng på Bremnes,  samtidig som Rosendal taper mot Øygard.  Bremnes spelar heime mot Årstad og tar mest sansynleg poeng i den kampen. Timeglaset er desverre tomt for Osterøy..... 

 

Det blir nok Rosendal som følger Osterøy ner til 5. divisjon. Dei møter Øygard i siste kampen og skal få problemer med å ta poeng i den kampen. Bremnes møter Årstad som i helga berga plassen med seier over Trott. Ingenting er avgjort før siste runde er spelt. Rosendal kan faktisk berga plassen med uavgjort. Då må Bremnes tapa med minst 3 mål mot Årstad og Osterøy må ikkje vinna med meir enn ti mål mot VHFK.

Mest sansynleg går det kun to lag ner ein divisjon, men hvis baåde Fana og Stord rykker ner frå 2. divisjon kan det fort gå 3 lag ner frå vår avdeling...

 

Toppscorartittelen i VHFK heng høgt. Før siste serierunde ser det ut til å stå mellom Trygve Nilsen som har 14 mål og Øyvind Thomassen med 13. Så spørs det om vi kan avskriva Pål Tufta og Magnus Opheim som begge har 8 scoringar så langt i sesongen. Hadde Magnus Opheim vore med heile sesongen hadde nok han vore heilt i toppen med dei to andre.

Dei som tek turen til Hatland på søndag kl. 1600 får sjå kven som blir toppscorar 2009. 

 

Kven trur du toppar børsen til trenar Jo Solberg ein runde før slutt? Den populære trenaren har gitt karakterar etter kvar kamp og han har brukt skalaen frå 1 til 10. Ingen har fått toppkarakteren i år, men Are Bryhn kunne smykka seg med årets første 9-poengar etter kampen mot Os 2 i helga.

Det er sjeldan trenaren gir meir enn ein sjuar på børsen. I kampen mot Os 2 fekk heile tre spelarar 7.5 poeng. Det var Trygve Nilsen, Torgeir Rud og Rayner Nygård. Dei har fått den same karakteren ein gong før i år.Rayner Nygård (4-1 over Loddefjord) Trygve Nilsen (7-2 over Loddefjord) Torgeir Rud (3-2 over Loddefjord) I tillegg fekk Øyvind Tysse 7.5 i bortekampen mot Ny Krohnborg i andre serierunde

To spelarar har fått ein solid åttar i år. Dei to er Are Bryhn i 7-2 seieren over Laksevåg og Kalle Fiskå for sitt fantastiske stopparspel i heimekampen mot Ny Krohnborg.

 

Visste du at tre av spelarane til VHFK har spelt alle kampane til no i sesongen. Det er Robert Eikeland, Kalle Fiskå og Are Bryhn. Dermed ligg dei øverst på poengtoppen til Jo Soberg, men Torgeir Rud og Rayner Nygård ligg like bak med ein kamp mindre spelt.

 

Poengtoppen

1. Are Bryhn           122.5 p

2. Kalle Fiskå          122 p

3. Robert Eikeland  120 p

4. Torgeir Rud         119,5 p

5. Rayner Nygård    119 p

 

Ser ein på gjennomsnittet blir lista litt meir riktig. Vi har kun tatt med spelarar som har spelt minst 10 kampar. Her ligg det an til ein thriller mellom Torgeir og Rayner i toppen.

Tom Sivertsen har seks kampar og eit snitt på 6.00 medan Magnus Opheim med sine 9 kampar har 5.56 i snitt

 

Børstoppen Gjennomsnitt

1. Torgeir Rud            5.98

2. Rayner Nygård       5.95

3. Are Bryhn               5.83

4. Kalle Fiskå              5.81

5. Robert Eikeland      5.71

6. Øyvind Tysse          5.68

6. Øyvind Thomassen 5.68

8. Pål Tufta                 5.55

9. Trygve Nilsen          5.43

10.Jonas Hauge          5.33

11.Henrik Horsås        5.30

12.Vegard Mjelstad     5.23

13.Thomas Røskeland 5.11

14.Ole Morten Tysse    4.65

(med forbehold om feil)

Resultat og tabeller

21. serierunde

Norges Handelsh - Bremnes 2 - 1 
Laksevåg - Osterøy 3 - 0
Kampfakta Loddefjord - Rosendal 6 - 2 Kampfakta
Årstad - Trott 4 - 2 
Øygard - Ny-Krohnborg 4 - 1  Kampfakta
Kampfakta Valestrand Hjellvik - Os 2 2 - 2 Kampfakta

 

4.div Menn avd.1

Lag K S U T MF MM P
1 Øygard 21 18 1 2 91 35 55
2 Os 2 21 15 2 4 69 36 47
3 Valestrand Hjellvik 21 14 4 3 75 43 46
4 Loddefjord 21 12 3 6 69 43 39
5 Ny-Krohnborg 21 11 4 6 48 43 37
6 Norges Handelsh 21 10 4 7 46 43 34
7 Trott 21 8 5 8 61 49 29
8 Laksevåg 21 6 1 14 46 79 19
9 Årstad 21 5 3 13 32 56 18
10 Bremnes 21 4 2 15 29 60 14
11 Rosendal 21 4 1 16 33 67 13
12 Osterøy 21 3 2 16 32 77 11

 

 

Storscorern

 

20 mål

Roar Olsen Loddefjord

 

17 mål

Steffen Lie Skålevik Øygard

 

15 mål

Morten Hillestad Trott

 

14 mål

Trygve Nilsen Valestrand Hjellvik FK

Tom Andre Axland Ny Krohnborg

Stian Stenehjem Loddefjord

 

13 mål

Øyvind Thomassen Valestrand Hjellvik FK

Ramo Racic Os 2

 

12 mål

Burhan Cinar NHH

Mads Århus Fjelstad  Øygard

 

11 mål

Henning Aga Ny Krohnborg

Christian Greve  Øygard

Erik Kanestrøm Os

 

9 mål

Marius Takvam Øygard

Tommy Myksvoll Øygard

Thomas Langeland Osterøy

8 mål

Magnus Opheim Valestrand Hjellvik

Pål Kjetil Tufta Valestrand Hjellvik

Henning Jacobsen Laksevåg

Robert Hunt Årstad

Jørgen Størksen Årstad

Pål Inge Sæbø Laksevåg

Christer Lund Øygard

Christer Olsen Os 2

Thomas Hansson NHH

Jostein Aga Ny Krohnborg

7 mål

Are Bryhn Valestrand Hjellvik

Terje Nigardsøy Årstad

Cato Helle Loddefjord

Øystein Hillestad Trott

Sindre Askeland Trott

Tore Valvik Os 2

Frode Hellesø Laksevåg

 

Øvrige spelarar Valestrand Hjellvik FK

5 mål

Jonas Hauge

4 mål

Øyvind Tysse

3 mål

Torgeir Rud

Rayner Nygård

2 mål

Henrik Horsås

Kalle Fiskå

Henning K. Rød

Kristoffer Bognøy (Fana)

1 mål

Tom Sivertsen

Selvmål (Vegard Leikvoll Moberg Os 2)

 

Siste runde med tippetips

18-1016:00 Osterøy - Valestrand Hjellvik Lokaloppgjer på Hatland. VHFK må vinne. OIL er fortapt.
18-10 16:00 Rosendal - Øygard Rosendal må vinne. Blir for tøfft. Sikker B
18-1016:00 Trott - Laksevåg Sikker H
18-10 16:00 Ny-Krohnborg - Norges Handelsh NHH tar alle poengene mot høstsvake NK og går forbi de på tabellen.
18-10 16:00 Bremnes - Årstad HU Bremnes må helst vinne for å være sikker.
18-10 16:00 Os 2 - Loddefjord HUB  Åpen kamp. Alt kan skje! her blir det spennende.