Stem på årets mål!

No kan du vera med å stemma fram årets flottaste scoring for Valestrand Hjellvik. VTV har gått gjennom alle måla som er festa til filmrullane i årets sesong og plukka ut fem kandidatar du kan stemma på....<br />

Du kan sjå alle dei nominerte ved å gå inn på sidene til VTV . Linken ligg oppe på førstesida.

 

Først ut er Øyvind Tysse sitt fantastiske langskudd mot Trott. Han tar ner ballen elegant og bankar den i mål frå langt hald. Feiringa etter målet har og høg klasse.

 

Kandidat nr. 2 er også ei perle av dei sjeldne. Are Bryhn sin scoring direkte frå avspark i bortekampen mot Laksevåg er eit av sesongens absolutte høgdepunkt.

 

Tredjemann ut er Øyvind Thomassen sin fantastiske heading i vinkelen heime på Furubakken mot Årstad. Alle huskar nok forsatt den flotte feiringa han gjorde etter scoringa med å ta eit 60-meter løp opp langsida til bunkersen.

 

Fjerde kandidat til årets mål er henta frå bortekampen mot Loddefjord. Der tok bursdagsbarnet Jonas Hauge skjeia i egne hender og frå egen halvdel raida han forbi den eine etter den andre forvirra Loddefjord-spelaren før han chippa ballen forbi keeper og i langhjørnet. For ein scoring!!!

 

Den femte og siste kandidaten er også henta frå Laksevåg si heimebane. På overtid reiv Magnus Opheim seg laus og aleine med keeper utfører han ein chip som heldt verdensklasse.

Dermed gjorde han dagen heilsvart for bortelagets keeper som frå før hadde sett ballen gå i mål frå midtbana og sjølv avklart ballen i foten til Pål Tufta før han havna i nettet.

 

Du kan stemma kun ein gong på din favoritt. Resultatet blir avslørt på fotballfesten 14. november i Kongshall. Linken til stemming ligg under supportar.

 

Sjå alle måla her...

 

Stem her...