Sterk opphenting av A-laget

PRESTEGARDSSKOGEN, ROMMETVEIT: A-laget til Valestrand Hjellvik vart rundspelt første halvtimen i borteoppgjeret mot Trott fredag kveld, og var heldige som slapp unna med berre to baklengs. Joen og hans menn kom grusomt tilbake og snudde kampen i løpet av 7 minuttar. Torgeir Rud, Are Bryhn og Trygve Nilsen ordna tre poeng for VHFK med kvar si scoring...



Livereferat frå Trott - VHFK


Nydelig ramme rundt kampen. Flott vårvær og rundt 15 grader. Supportarane sitt ringside og ventar på årets første fløyteignal frå pipeblåsaren. På ferja ut til Stord hang flagget med "Piker vin og Valestrand" og blafra frå øvre dekk før bilane fekk kjøra ombord. Alt er klart til avspark i årets sesong....


Lagoppstilling:

1. Robert Eikeland

2. Ole Morten Tysse

3. Henning K. Rød

4. Torgeir Rud

5. Kalle Fiskå

6. Trygve Nilsen

7. Are Bryhn

8. Øyvind Tomassen

9. Jonas Hauge

10 Pål Tufta

11 Øyvind Tysse

 

Før kampen:

Både Pål Tufta og Øyvind Tysse startar. Begge var usikre før kampen.

 

Trott - VHFK kampstart kl 1900

Lagene på veg ut på bana. Det nærmar seg kampstart....

 

1` Bortelaget tar avspark.

3` Heimelaget med kampens første corner

3` MÅL!!! 1-0 Trott scorar på corner. Heading i mål. Dette var ergerlig.

6` Halvsjanse til VHFK etter frispark. Heading til side for mål

10`Frispark til VHFK. Skuddet går like over. Den 47-årige keeperen til heimelaget hadde kontroll. Den gamle keeperkjempa Jørgen Belt!

15`Heimelaget har ballen mest.

16`Kjempesjanse for Trott! Berre flaks at det kun står 1-0

17`Vhfk får sine sjanser på dødball. Da e håp i hengande snøre!

18`Kun eitt lag på tribuna! Stordabuane sitt berre og måpar til dei flotte songane som rungar  over stadion....

21`Are Bryhn fyrer av frå 47 meter på den 47-årige keeperen. Han tok den.

23`Nytt frispark i farlig posisjon for VHFK. Ender med skudd like utanfor av Jonas Hauge. God sjanse!

25`MÅL!!! 2-0 Remi Larsen. Ingen markering! Dette er ikkje godt nok.

Målet kom etter eit langt innkast for heimelaget.

28`VHFK avslører lite fart i dei bakre rekker. Skummelt nesten kvar gong Trott har dødball eller kjem rundt på kantane.

30`Gult kort til Jan Tore Sørheim, Trott

32`Kjempesjanse igjen til heimelaget. Ole Morten Tysse blir lurt trill rundt på backen.

35`Gult kort til Øyvind Thomassen

37`Pål åleina med keeper, men avslutninga går rett på keeper

39`Corner til VHFK

40`Ny corner til VH. Kokar ut i kål!

41`VHFK betre med. Skaper litt meir litt oftare no. Skudd over!

43`VHFK i fine angrep no. Vi sitt på heimesupportarane si side. No truar dei med å ta straumen fordi vi ropar og hyler litt. Det er jo fantastisk at det finst slike utruleg engasjerte folk.

45`Dette kjem til å straffa seg for den sure heimesupportaren!

46`MÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!!!!!!

2-1 Torgeir Rud. Kjempeskudd frå 6 meter etter eit glimrande forarbeid frå Jonas Hauge!

Pause

Jaggu fekk han for sleivkjeften sin...


2.omgang i gang


46` MÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!!!!!!! 2-2

Are Bryhn trillar eit frispark i mål frå 25 meters hald. Keepertabbe av dimensjoner, men godt sett av Mr. Bryhn som finn åpningen ved nærmaste stolpe

47` Det kokar på Valestrandsida. Dei syng, dei jublar og VHFK blir kanskje snytt for straffe når Øyvind Thomassen vert dytta ned inne i feltet. Tv-bildene vil avsløra det.

50`For ein avslutning på første omgang. Scoring i siste sekund! For ein start på andre omgang. Scoring på første angrep!

52`VHFK best i gang i  andre omgang. Thomassen ligg nede for telling. Kjem seg på beina igjen.

53`Frispark til VHFK like utenfor 16-meteren, midt på mål. Øyvind Thomassen og Are Bryhn står klar ved ballen.

53`MÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!!!!! 2-3

Trygve Nilsen bankar keeper-returen i nettet etter frisparket til Øyvind Thomassen. VHFK har snudd kampen.

55  Ny stor sjanse for Nilsen. Lobben går like over. Kun eitt lag på bana no, og heimelaget har meir enn nok med å forsvara seg.

59`Ein heimesupportar som hade levert tippelapp med litt for mykje pengar på heimelaget, er  spak no. Han var i storform for ein halvtime sidan. Men sur er han ikkje.....

61`Heimelaget byttar litt spelarar for å sjå om det hjelper. Litt spakt i frå speakertjenesta og no....Me kosar oss

64`Det hardnar til no. To spelarar ligg nede.

65`Corner til Trott

66`Robert Eikeland slår til ny corner via tverrliggeren....Puh!

67`Tredje corner på rad! Skikkelig Wimbledon-kaos inne i feltet. Stoooor sjanse til Trott!

Publikum litt meir med no...

68`Rødt kort til ein Trottspelar! Speaker berre mumlar utydelege og totalt uforståelege ting no, så det var ikkje lett å få med seg kva han heitte.  Ein på tribuna som har tippa litt for mykje seier at den utviste spelaren heiter Lima.

72`Gult kort til Jonas Hauge

74`Jonas Hauge ut og Henrik Horsås inn i Brann-shorts. Eg trudde me gav F... i Brann.

Har ikkje klubben kvite shortsar til alle???

75`Henrik i Brannshortsen briljerer på høgresida og skaffar VH frispark.

77`Feberredning av Robert Eikeland. Han hang i lufta og fekk slått til corner på meisterleg vis.

81`Heimelaget presser med ein mann mindre på bana

83`Henning med ein halvsjanse. Headar rett i klypene på keeper

85`Henrik med godt innlegg, men Trygve klarar ikkje å pirka ballen i mål

86`Trott hiv innpå friske bein...utspark frå Robert Eikeland.

87`Heimelaget kjempar heroisk med kun 10 mann. Vil ledelsen til VH holda

88`Rødt kort til Øyvind Thomassen...Da låg vel i kortna....

89`Ti mot Ti!!!  2-3!!! Spenningen er til å ta og føle på. Vi er inne i kampens siste speleminutt

90`Vi er på overtid no...

91`Corner til Trott. Endar i ingenting.

91  Thomas Røskeland inn - Øyvind Tysse ut

92`Oioioioioi...Redning på streken av Robert. Fantastisk fotparade!!

93`Piping frå heimepublikummet når Bryhn ligg nere med hodeskade

96  ??????????

97`Kampen er slutt!!!! 3 poeng for VHFK, og ein pangstart på årets serie. Kampen starta svakt for dei kvite og svarte, men for ei opphenting. Dette vitnar om styrke, og vi gler oss til neste kamp.