Supporterbuss til Stord

Etter at 1. april er over med meir eller mindre vellukka aprilspøkar, er vi no tilbake til normalen att. Seriestarten er berre to veker unna, og VHFK-supporterane har no sett opp buss til opningskampen borte mot Trott...

Fredag 17. april inntek Valestrand Hjellvik Prestagardsskogen påStord, der 4. divisjon avd. 2 vert sparka i gong kl. 19.00. VHFK sinesupporterar har no sett opp buss til denne kampen, og satsar på å vertaein solid gjeng for å hjelpa Joen og hans menn til siger iserieopninga.

I følgje nettsida til supporterane er detberre sett opp ein buss til denne kampen, og den har berre 53 seter, sådet gjeld å vera raskt ute dersom du vil sikra deg ein plass påVHFK-Ekspressen til Stord. Påmelding ordnar du ved å kontakta tursjefOve Håland (93 24 15 11)

Valestrand-TV (VTV)har også no fått utvida sittkameracrew/redaksjon med fire personar, så 2009-sesongen ligg godt antil å verta festa til filmrullane i sin heilhet. Det vert jobba iherdigmed sesongførebuing i VTV-redaksjonen for tida, slik at alt skal vertaklart til seriestarten.