Tilbake på toppen?

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Joen og hans menn kan erobra tilbake tabelltoppen dersom dei tek poeng heime mot NHH i ettermiddag. Vert det full pott for dei svarte og kvite, kan studentlaget vera hekta av i toppkampen for ei stund. Slik det ser ut no, er det heile fem lag som kjempar ein hard og jamn kamp om tabelltoppen.<br /> Det vert LIVE oppdatering frå kampen frå kl. 17.00 i dag...

Skal Valestrand Hjellvik vera med heilt i toppen denne sesongen, bør heimekampane vinnast. I tillegg skal det ikkje verta for mange tapte poeng på bortebane heller. Dagens kamp mot Norges HandelsHøgskole (NHH) kan verta ein av dei vanskelegaste heimekampane denne sesongen. NHH har eit svært godt mannskap dersom dei stiller med fullt mannskap, men midt i eksamenstida kan det likevel vera at spelarar er opptekne på anna hald.

Det vert i dag spennande å sjå om Joen har klart å få laget tilbake på vinnarsporet etter bortetapet mot Øygard sist helg. Kaptein Torgeir Rud og Jonas Hauge skal vera tilbake, medan Henrik Horsås og Kalle Fiskå er usikre før dagens kamp.