Toppkamp og klubbkveld

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Laurdag kjem serieleiaren til Furubakken, og møter der eit heimelag som har klatra opp på opprykksplass etter to strake med 6-1 i protokollen. Laurdag kveld arrangerer VHFK Klubbkveld på Bari, og her vert det mulighet til å diskutera kampen, sesongen og opprykkssjansar...

Laurdagens kamp vert difor ein skikkeleg toppkamp i 4. divisjon avd. 1. Sjølv om blåtrøyene frå Sotra har skaffa seg ei solid luke ned til resten av laga etter 14 strake trepoengarar, er det slett ikkje sikkert dei reiser over fjorden att med poeng denne gongen. Valestrand Hjellvik ser ut til å ha fått dreis på spelet sitt, og med Magnus Oppheim si inntreden i angrepet har trenar Jo Solberg fått fleire strengar å spela på.

 

I tillegg er publikumsyndlingen Tom Sivertsen endeleg tilbake i den svart-kvite drakta, og med scoring i bortedebuten mot Rosendal i helga ser det ut til at Tommen er i storslag før gjensynet med Furubakken-publikummet. Dermed kan det verta svært så livleg på tribuna når dei to topplaga i divisjonen marsjerer inn på grasteppet laurdag kl. 14.55.

 

Om kvelden vert det Klubbkveld på Bari, og forhåpentligvis vert det då feiring av tre poeng og seier mot serieleiaren som i desse dagar foretar eit namneskifte. Klubben som hittil har gått under namnet Øygard IL skal no heita Sotra SK.