Tre nye bortepoeng

ÅSTVEIT, BERGEN: A-laget til Valestrand Hjellvik kjørte til tider over NHH i dagens oppgjer på Åstveit, og vann til slutt 3-0 over studentlaget. Øyvind Thomassen scora på straffe før pause, medan Trygve Nilsen og Henrik Horsås putta kvar sitt i andre omgang...

Like før pause oppsto ein viktig situasjon for kamputfallet. Øyvind Thomassen vart felt av NHH-keeperen på vei gjennom, og dommaren dømte heilt korrekt straffespark til gjestane medan sisteskansen til heimelaget måtte rusle i dusjen. Med ti mann og over ein omgang att å spela, såg det ikkje akkurat lyst ut for NHH då Thomassen banka ballen i nota frå ellevemeteren.

 

Etter pausen fekk publikum sjå eit VH-lag som til tider overkjørte motstandaren. Gong på gong spelte dei seg gjennom på kantane, og lempa farlege innlegg framfor mål. Berre fem minuttar ut i omgangen kunne Trygve Nilsen dobla leiinga etter eit glimrande hjørnespark frå Are Bryhn.

 

Det siste målet var ei skikkeleg perle, og mannen bak prestasjonen var Henrik Horsås. Han fekk ballen midt på NHH sin banehalvdel, og banka ballen i vinkelen på eit fantastisk langskot. Dermed stod det 3-0 til gjestane frå Valestrand, og ein sterk bortesiger var eit faktum. Heimelaget hadde vel berre eitt skot på mål etter sidebyte, og var i realiteten sjanselause mot Joen og hans menn i dag.