Tre poeng i svak forestilling

LYNGBØ IDRETTSPARK, BERGEN: Dagens borteoppgjer mot Laksevåg utvikla seg til eit målkalas av dei sjeldne, og i ei heller svak forestilling var det tre nye poeng som gleda mest for dei svarte og kvite frå Valestrand. I tillegg fekk publikum sjå eit par spektakulære scoringar frå gjestane...

MERKNAD: Underteikna er ikkje tilstades på kampen så det vert ei litt amputert LIVE-dekning.

01. Kampen er i gang. Lagoppstillingar kjem kanskje seinare.

09. MÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 0-1 Trygve Nilsen! Dødball fra Are Bryhn som Nilsen headar i mål.

20. MÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 0-2 Trygve Nilsen etter innlegg frå Magnus Oppheim! Nilsen sitt 14. mål denne sesongen og han manglar no berre eitt for å nå årets målsetning på 15 nettkjenningar. Kan det skje i dag?

25. Rapportane frå Idrettsparken på Lyngbø seier at det til no har vore einvegskjøring frå Joens menn. VHFK manglar i dag Tom Sivertsen, Henrik Horsås og Thomas Røskeland før kampen. Kaptein Torgeir Rud gjekk ut med skade etter 15 minuttar, og Jonas Hauge kom inn.

33.
MÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 0-3 Pål Kjetil Tufta tvingar ballen i nettet etter ein corner.

34. MÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 1-3 Mål til Laksevåg på eit skudd frå 25 meter som går rett i krysset! Var nok meir flaks enn berekning dette skuddet.

45. PAUSE!

Laksevåg-spelarane klagar over at dei har fått to gule kort og VHFK-trenar Jo Solberg er i harnisk over at bergensarane ikkje har fått fleire!


46. 2. omgang har starta.

55. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 1-4 Pål Kjetil Tufta scorer sitt andre mål for dagen etter ein keepertabbe der Laksevågs keeper skal klarere og skyter ballen rett i Pål og rett i mål!

67. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 1-5 Magnus Oppheim! Laksevågspelarane klikkar på dommeren, og meiner at det var offside i forkant av scoringa.

69. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 2-5 Redusering til Laksevåg etter ei kontring.

70. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 2-6 Are Bryhn scorer direkte frå avspark!! Ser at keeper står langt ute, og sender ballen rett i mål frå midtstreken. Fantastisk scoring!

77. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 3-6. Ny redusering for Laksevåg.

89. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 4-6. Spenning i kampen igjen etter at ein Laksevågspelar får gå åleine opp på corner og stange inn deira fjerde mål.

90. Laksevågspelar åleine gjennom og forbi keeper, men skuddet blir redda på streken av VHFKs Vegard Mjelstad!

91. MÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!! 4-7 Magnus Oppheim tipper ballen over keeper og i mål! Nykomlingens 7. mål i høst!!

92. KAMPEN ER SLUTT!! VHFK vinn med grei margin! 4-7 blei sluttresultatet etter to mål av Trygve Nilsen, to av Pål Mål Tufta, to av Magnus Oppheim og eitt av dødballekspert Are Bryhn.