Tre raske for Jonas

FURUBAKKEN/BERGAN BYGG CUP: Jonas Hauge ser ut til å ha funne scoringsformen før seriestart denne sesongen. Mot Fotlandsvåg banka han tre ballar i nettet i løpet av 20 minuttar i andre omgang...

Etter at Kristoffer Bognøy forsvann til Fana og 2. divisjon, erdet viktig for Valestrand Hjellvik at andre står fram og viser at deikan scora mål. I målorgien mot Fotlandsvåg i går putta Trygve Nilsen,Pål Tufta og Torgeir Rud to kvar , og gav heimepublikummet det deiville ha i åpningskampen.

I tillegg kom Jonas Hauge som ein rakett i andre omgang, ognoterte seg for vakseekte hat-trick i løpet av 20 minuttar. Etterkampen var han rask med å kontakta onkel Steinar Hauge for å forteljaom det raske hat-tricket. Onkelen kunne beroliga storscoraren med atdette slett ikkje var ny rekord innan slekta. Steinar Hauge scoranemleg sjølv hat-trick i løpet av ni minuttar for Valestrand Hjellviksitt A-lag i ein seriekamp mot Dalen i 1997.
-Eg scora 3-0, 4-0 og 5-0 på ni minuttar i 97 ja, sa Steinar Hauge dåvhfk.no var i kontakt med han seint torsdag kveld. -Du veit, det må jovera litt frustrerande å ha ein onkel som alltid er ørlite grann betreenn deg - uansett kor godt du gjer det, flirer den gamle VHFK-kjempa.

I kampen mot Fotlandsvåg teikna også Henning Klovning Rød seg påscoringslista. Den hardtarbeidande slitaren førte laget sitt opp i 4-3etter ein halvtimes spel, og stod dermed bak kampens kanskje viktigastemål. Øyvind Thomassen og Øyvind Tysse scora på kvart sitt straffespark,og viste at VHFK har fleire som er sikre frå 11-metersmerket.