TV2 vil følgja VHFK i 2009

FURUBAKKEN, VALESTRAND (VTV): Det er no klart at du kan følgja A-laget til Valestrand Hjellvik på TV2 Zebra denne sesongen. Fotballprogrammet Matchball Mandag med Erik Thorstvedt i spissen kjem til å følgja Joen og hans menn gjennom heile sesongen, både på internett og på TV-skjermen...<br /><br /><br />

Dei siste vekene har vore litt meir hektiske for VTV-redaksjonen enn normalt er på denne tida av året. Etter at vi mottok ein mail frå TV2-sporten, med spørsmål om å verta følgd tett av det populære Zebra-programmet Matchball Mandag, har det vorte ein del ekstra telefonmøter og mailskriving.

Det som no er bestemt, er at TV2 lagar ei sak på VHFK som vert vist på Tv2 Zebra måndagen før Joen og hans menn serieopnar borte mot Trott. Samtidig opplyser dei sjåarane om at dei kan følgja Valestrand Hjellvik på Tv2 sine nettsider heile sesongen.

VTV skal levera bilder av mål og intervju med spelarar og trenar til TV2-sporten, slik at sjåarane deira kan følgja VHFK kvar veke. I tillegg vil TV2 følgja klubben opp undervegs med reportasjer frå f. eks. lokaloppgjera mot Osterøy.

Dette kan visa seg å slå ut svært positivt for klubben, og kan i tillegg verta spennande å følgja med på for dei andre 4. divisjonslaga. No er det opp til spelarane på A-laget å gjera 2009 til ein jubelsesong også på bana...