Tyssejubel på web-TV

No kan du sjå Øyvind Tysse sin elleville jubeldans mot Rosendal på Valestrand-TV. Dei som var der kan gjenoppleva dei dramatiske sluttminuttane i gårsdagens Furubakken-oppgjer, og dei som ikkje var der kan sjå litt av det dei gjekk glipp av...

Intervjuer frå kampen kjem på nett i løpet av tysdag.

 

Etter at alle lag no har spelt fire kampar, er det berre Valestrand Hjellvik som har full pott. Os 2 og Ny-Krohnborg spelte uavgjort 2-2 på Kuventræ i den siste kampen denne runden. Dermed tronar Joen og hans menn åleine øvst på tabellen. Os 2 ligg to poeng bak, medan fredagens motstandar Øygard har tre poeng opp til VHFK.

 

Øygard er det einaste laget som har scora fleire enn VHFK til no, medan Trott og Os 2 er dei einaste som har færre baklengsmål.