Uavgjort mot Vestsiden

A-laget til Valestrand Hjellvik spelte torsdag kveld sin andre treningskamp for året, og denne gongen var det bortekamp mot Vestsiden-Askøy som stod på programmet. Øyvind Tysse (t.v. på bildet) scora sitt første mål for VHFK i 2009...

KAMPFAKTA - TRENINGSKAMP:

Vestsiden - VHFK 3-3 (1-1)

1-0 (26)
1-1 Øyvind Tysse (31)
1-2 Øyvind Thomassen (61)
1-3 Pål Tufta (70)
2-3 (76)
3-3 (84)

Trenar Jo Solberg mangla både Rayner Nygård, Kalle Fiskå og Anders Berntsen til denne kampen, og var eigentleg forholdsvis fornøyd etter kampen.
-Eg syns dette var ein bra kamp av heile laget, og er ganske fornøyd,sa trenaren til vhfk.no. Han trekkjer spesielt fram keeper RobertEikeland og målscorar Øyvind Tysse som dei han er aller best nøgd med idag.

Mot slutten av kampen fekk juniorspelaren Simon Windt sinA-lagsdebut for Valestrand Hjellvik. Også Trygve Reigstad spelte sistedel av kampen, og begge juniorane får godkjent av Joen. -Ja, dei klarteseg heilt fint den tida dei var utpå, bekrefta trenaren.