VHFK - Black & White Army

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Det er klart for årets siste kamp på Furubakken laurdag kl. 14.23. Valestrand Hjellvik FK møter Black & White Army til dyst som eit vorspiel til den store Fotballfesten som startar i Kongshall kl. 1900

Foppalkampen mellom A-laget og Supportarane begynner lørdag kl 14.23 på Furubakken.

Kampen startar med 4 straffespark til Supportarane.



Den årlige foppalkampen mellom VHFK og VHSK står snart for tur.

Rayner Nygård, som dei siste åra har vore representant for A-laget, tok for eit par veker sidan kontakt med trenaren til supportarane, Fat Tony. Nygård var bekymra for at supportarlaget kom til å kreve å få bruke spelarar som stilte opp som supportarar i kampane mellom Os og Austevoll.

Den årlige foppalkampen mellom VHFK og VHSK står snart for tur.

Rayner Nygård, som dei siste åra har vore representant for A-laget, tok for eit par veker sidan kontakt med trenaren til supportarane, Fat Tony. Nygård var bekymra for at supportarlaget kom til å kreve å få bruke spelara som stilte opp som supportara i kampane mellom Os og Austevoll.


 
Fat Tony stilte seg sjølvsagt noko undrande til dette. –Ingen av A-lags spelarane ville kunna gå inn å forsterka supportarlaget, sa FT til badnafakte. –Me har ikkje behov for benkefyll, la han til før han spaserte inn i helikopteret som frakta han til ein hemmelig plass der han dei kommande to vekene skal planlegga lagoppstilling og setja opp ein uslåelig taktikk.

Enkelte tå A-lags spelarane skal også ha vore letta øve at da ikkje vart opprykk i år, då supportarane hadde fått nok eit straffespark i tillegg til dei 4 dei allereie har hatt dei siste åra.

Supportarane har i år fått ansvaret med å skaffa dommar. Akkurat dette med dommaren har jo vore eit ganske betent tema dei siste åra, då A-laget heilt åpenlyst har smiska med dommaren i forkant av oppgjera og sannsynligvis og vore raus med gåver te mannen i svart. Uten at dette har hjelpt noko på resultat for deira del…

Det er uansett knytt stor spenning til om det vert eit dommarbyte i år. Uansvarlig hjelpalaustrenar Nils Petter Jonsen jr. som har fått ansvaret for dette vil ikkje røpe kven årets dommar vert. –Det får verte ei overrasking, seier han og legg ikkje skjul på at dette er for å unngå at vedkommande vert overausa med gåver og peng frå Nygård og kompani.


Så gjenstår det berre å sjå kven som vert ståande i lagoppstillinga til Fat Tony. Han har jo i år mange nye ansikt å velge blant, og det lovar jo svært godt . Men Fat Tony vil ikkje røpa noko om laguttaket. Kan Joen verta vraka på topp? Står det mellom Johnny Longhair og Don Juan de Valestrand i kapteinsvalget? Kan da bli fleire kniva på laget? Vert Prompen med sin stålkondis brukt for å stressa A-lags spelarane? Skal Søå få tesa ballen i mål frå straffemerket? Kjem nokken Austevoll supportara te å vera med i laguttaket?

Ein kan iallfall røpa sopass mykje som at Fat Tony og Nils Petter Jonsen jr har hyra inn to ringrevar til å styre treninga i forkant av kampen. Meir om den treninga, kor, korleis, kvifor og ikkje minst kva kan du snart lesa meir om på badnafakte.net. At denne treninga vert avgjerande for laguttaket er vel heller ikkje til å stikka onna ein sau.

Det vert og spanande å sjå om VHSK kjem til å stille i svarte og kvite drakter eller i oransje villaks drakter.

Det som iallfall er sikkert er at kampen vert spelt på Furubakken stadion 14 november 2009 kl 14.23.

Og enten du har håp om å spela, sitta og kjefta på benken, eller rett og slett berre få med deg gaukaskapen, ja so møt opp!!!
Foppalkampen mellom A-laget til VHFK og supportarane begynner lørdag 14 november kl 14.23.

Skrivar: McArnoTheKanel