VHFK - Kvernbit 8-1

Småjentene tok i dag sin tredje strake seier på 5 dagar. I eit ufyseleg ver på Furubakken slo dei Kvernbit klart 8-1. Tross veret varta jentene likevel opp med god innsats og mykje bra spel.

Mykje bra spel på ein svært våt bane - i eit ufyseleg regnver. Den våte bana gjorde at ballen ikkje alltid gjekk slik ein tenkte, men dette til tross - fekk me sjå mykje bra spel i periodar. Veronica, Kjersti og Sandra (2) skåra før pause, medan Kvernbit reduserte til 4-1 på straffe. Etter dette datt me bakpå og slutta å vinna duellane. Me lot derfor Kvernbit sleppa inn i kampen igjen. Etter pause hadde jentene god kontroll og Veronica (2), Sigrid og Kjersti laga fine mål. Nokon kom etter fint spel. Bakover på bana hadde me rimeleg god kontroll, men Kvernbit var farleg frampå nokre gonger, men Elin og forsvaret fekk rydda unna.