VHFK - Olsvik 4-0

Torsdag 24. september. Flott 4-0 seier mot serietoaren.

Småjentene leverte ein flott kamp mot Olsvik, torsdag 24. september. Etter ein litt treg start på kampen der også Olsvik kunne fått mål, overtok jentene initiativet utover i 1. omgang. Elin redda oss med fine redningar og aktivt spel i 16. meter eit par gonger. Me hadde likevel dei største sjansane, og spelet byrja å setja seg utover i omgangen. Fyrste omgang ebba likevel ut med 0-0.

 

Etter beskjedar om å trykka meir på i duallane samt prøva å spela meir, starta jentene andre omgang med eit endå større trykk. Og andre omgang vart stort sett spela på ein banehalvdel - nemleg Olsik sin. Jentene fekk til pasningspelet og fekk brukt kantane mykje meir enn i fyrste omgang. Det enda i fire flotte mål signert Ingvild, Kjersti, Marit og Thea. Alle målå kom etter flott spel som byrja bak på bana. Ingvild sitt var på gjennomløp og sterkt press på forsvarane til Olsvik. Kjersti skåra sitt etter flott angrep på høgre sida med innlegg framfor mål der Kjersti dukka opp og sette den inn. Marit skåra det tredje ved å føra ballen bakifrå og avslutta med fint skot frå 16-meteren. Det siste mået var det og klasse over. Veronica jobba meget iherdig ned mot sidelinja og midtbanen, nådde ein ball alle trudde skulle gå ut - vende opp og dribla av eit par spelarar og slo ein genial pasning i bakrommet - og der kom Thea i stor fart og av slutta med å knalla den opp i vinkelen. Kjempemål. Elles flott spel av både forsvarar og midtbane.