VHFK best på Osterøy

FURUBAKKEN/BERGAN BYGG CUP: Valestrand Hjellvik var overlegne frå start til slutt, og banka Osterøy med utklassingssiffer i den siste cupkampen på Furubakken. Jo Solberg sitt mannskap har overbevist i heile turneringa, og sigeren i Bergan Bygg Cup var aldri trua...

KAMPFAKTA BERGAN BYGG CUP:

VHFK - Osterøy 6-1 (3-0)

1-0 Jonas Hauge (18)
2-0 Henning Klovning Rød (26)
3-0 Øyvind Tysse (31)
4-0 Tom Sivertsen (47)
4-1 Ørjan Bysheim (79)
5-1 Jonas Hauge (82)
6-1 Øyvind Tysse (85)

Osterøy var farleg frampå i starten, med eit skot frå MartinHanstveit som Robert Eikeland måtte strekka seg for å slå itverrleggjaren. Det var ein av to-tre gonger heimepublikummet hevaaugebrynene over gjestane sine scoringssjansar i denne kampen.

Då Jonas Hauge flikka eit hjørnespark frå Are Bryhn vidare inn inettet drøye kvarteret ut i kampen, skjønte folk på tribuna kor dettebar. Når i tillegg Henning Klovning Rød banka inn 2-0 åtte minuttarseinare, og raske Øyvind Tysse la på til 3-0 halvtimen ut i kampen, vardet heile i realiteten avgjort.

Når det er sagt, må vi ta med at heimekeeper Robert Eikelandkanskje stod for kampens prestasjon på stillinga 2-0. Etter einmisforståelse ute ved kanten av 16-meteren, mista Eikeland ballen, ogOsterøy får lagt inn til Ørjan Bysheim på bakerste stolpe. Med eitvidåpent mål framfor seg er det berre for Bysheim å breidsida innreduseringa. Men keeper Eikeland har ikkje gjeve opp, og er lynraskttilbake på streken og får avverga scoring på nesten uforståeleg vis.

Like etter pause var det gode gamle Tom Sivertsen sin tur til åteikna seg på scoringslista. Den nyutdanna juristen var på Valestrandfor å helsa på gamle lagkameratar, og tok med seg kampen mot Osterøy.Det er store sjansar for at Sivertsen kjem tilbake til VHFK i løpet avsesongen, og han viste at han kan verta ein viktig tilvekst i ein tynnstall.

Drøye ti minuttar før full tid kom gjestane si redusering, førJonas Hauge og Øyvind Tysse kvitterte kvar sin gong minuttar seinare.Dermed enda finalekampen i årets Bergan Bygg Cup med solid siger tileit overlegent VHFK-lag.