VHFK med eiga fane

Valestrand Hjellvik kjem til å stilla med eigen fane i 17. mai-prosesjonen i år, og det vert mulighet for spelarar frå 8. klasse og oppover å gå under fotballklubben si fane. A-lagsstjerna Pål Mål Tufta skal vera faneberar for VHFK...

I år vil klubben for første gong stilla med si eiga fane i 17. mai-prosesjonen på Valestrand. Alle frå 8. klasse og oppover som har noko med klubben å gjera, eller støttar VHFK kan gå bak denne fana.

Prosesjonen startar ved Ole Bull-bautaen nedanfor Valestrand Skule kl. 11.15, og Pål Mål Tufta står då klar med den nye klubbfana...

Valestrand Hjellvik FK vil også ynskje alle medlemmer, spelarar, supporterar og andre støttespelarar ei fin 17. mai-feiring.