VHFK og Trott favorittar

Tippeselskapet NordicBet har kome med årets vinnarodds for 4. divisjon, og i fylgje nordicbet.com er det Trott og VHFK som er favorittar med 3 i odds, medan Osterøy står nederst med 50 i odds...<br /><br /><br />

Dersom tabellen endar slik NordicBet har sett den opp, vil det nok verta ein heidundrande opprykksfest i Kongshall i November. Laget til Joen tronar nemleg heilt øverst på favorittlista saman med fredagens seriestart-motstandar Trott. Fjorårets 3. divisjonslag Øygard og Loddefjord fylgjer hakk i hel med 4.50 og 6.50 i odds.

I botnen av lista ligg Bremnes med 30 og Osterøy med 50 i odds.

Heile lista:

VHFK.................3.00
Trott.................3.00
Øygard.............4.50
Loddefjord........6.50
Ny-Krohnborg..12.00
NHHFk............13.00
Rosendal.........17.00
Os 2................20.00
Laksevåg........25.00
Årstad.............25.00
Bremnes.........30.00
Osterøy..........50.00