VHFK på TV2 Zebra i kveld

TV2 var i dag på Valestrand og filma til kveldens sending. Ove Håland og Pål Kjetil Tufta stilte velvillige opp til intervju og song. Sendinga startar rett etter Brann-kampen kl. 2100 på Tv2 Zebra.

-Det blir spennande å sjå kva dei brukar av bilder frå bygda, seier Ove Håland til Vhfk.no.

-Vi sendte dei ein tur til Bullahuset og Bullaferjå. Ferjebilletøren ville ikkje ha sine 15 minutt i rampelyset og prøvde så godt han kunne å leika "gjøymespel" i mellom bilane på kaien, legg Håland til. Sjølv måtte han og Pål synga litt Valestrandssongar, så får vi sjå om dei to heller burde vore med på X-faktor på Tv2...

 

Bilder frå festforestllinga mot Bremnes på fredag kan det og bli. Steinar Vatle i VTV hadde laga klar ein minnepinn med bilder frå kampen som vart overlevert tv-teamet i dag i lag med kalender, DVD og VatleBros-cd. Dermed skulle dei ha litt og meska seg med inne på Nøstet.

 

Det vert uansett spennande å fyjgja dei ti matcballane til Erik Thorstvedt i kveld. Den vakre Valestrandsbygda viste seg i alle fall frå si beste sida i dag med strålande solskin og varmt vår-vær.

 

Gå ikkje glipp av programmet som altså går på Tv2 Zebra kl. 2100.